Det var dei ni dommarane i Colombias forfatningsdomstol som tok avgjerda måndag.
Abortforkjemparane var skuffa over at dommarane ikkje opna for fri abort utover veke 24, men kalla likevel avgjerda historisk.
Hittil har abort vore forbode, med unnatak i fall livet til mora var i fare, fosteret ikkje var levedyktig eller om svangerskapet var resultat av valdtekt.
Truleg har det vore rundt 400.000 ulovlege abortar kvart år i Colombia. Straffa for abort har vore opp til tre års fengsel både for mora og for legen.
Jubel og protestar
Utanfor rettslokalet jubla abortforkjemparar kledd i grønt, medan abortmotstandarar med blå faner protesterte.
– Dette er det viktigaste tiltaket for kvinner sidan stemmerett vart innført, tvitra Bogotás ordførar Claudia López Hernández.
I det sterkt katolske Latin-Amerika har abort hittil vore forbode nesten alle stader, men er no lovleg i Argentina, Uruguay og Cuba, og dessutan i Mexico by og tre andre delstatar, der abort er lovleg inntil veke 12.
I Mexico vedtok høgsterett nyleg at kvinner elles ikkje kan stillast for retten for abort.
I enkelte land, som Honduras, El Salvador, Nicaragua og Den dominikanske republikken, er alle abortar utan unntak ulovlege og blir straffa strengt. I nokre av desse landa er kvinner dømde til fengsel i mange år òg for spontanaborter.