Hopp til innhold

CNN: – Hillary Clinton har ikkje stengd døra for å utfordre Trump

CNN hevdar Hillary Clinton har sagt til vener at ho ikkje har stengd døra for å utfordre Donald Trump på ny ved valet i 2020. Samtidig varslar ein tidlegare toppsjef i Starbucks at han planlegg å stille til val.

USA-CLINTON/TRUMP

Hillary Clinton gjekk tapande ut av valkampen i 2016, som reint språkleg enda opp med å bli ein av dei skitnaste valkampane i USAs historie. Det er framleis ikkje heilt utelukka at ho forsøker på ny, melder CNN.

Foto: RICK WILKING / Reuters

Spekulasjonane er mange i USA, samtidig som dei første nominasjonskandidatane til det demokratiske partiet har starta sin valkamp.

Hillary Clinton tapte først nominasjonskampen for Barack Obama i 2008, og deretter tapte ho kampen om presidentjobben for Donald Trump i 2016. No melder CNN at den tidlegare førstedama og utanriksministeren ikkje har stengd døra for å forsøke på ny i 2020.

– Det vil overraske stort

Demokratane har lansert fleire kandidatar dei siste vekene, og det er venta at det vil kome nokre til i vekene som kjem. Dei skal kjempe om å bli vald til demokratane sin presidentkandidat ved valet i 2020.

– Clinton fortel folk at ho ikkje lukkar døra for tanken på å stille til val i 2020, seier Jeff Zeleny, som er CNNs politiske kommentator.

Han fortel at ho den siste veka skal ha sagt til tre ulike personar at ho ikkje har stengd tanken heilt ute, særskild etter at tidlegare Trump-rådgjevar Roger Stone vart tiltalt fredag morgon.

– Det vil overraske meg stort om ho faktisk gjer det, seier Zeleny, som seier det er vanleg at presidentkandidatar som tidlegare har tapt vurderer å stille til val på ny.

Starbucks-topp kan bli kandidat

Ein annan som kan bli ein del av valkampen i 2020 er Howard Schultz, tidlegare toppsjef i den store amerikanske kafékjeda Starbucks. Han sa i nyheitsprogrammet «60 minutes» at han vurderer å stille som uavhengig kandidat, altså verken for demokratane eller republikanarane.

– Me har eit øydelagd politisk system der begge parti jobbar for å ta vare på sin eigen ideologi utan å anerkjenne og ta ansvar for interessene til det amerikanske folk, seier Schultz i intervjuet.

Election 2020 Schultz

Tidlegare toppsjef i kafékjeda Starbucks, Howard Schultz, seier han vurderer å stille som uavhengig presidentkandidat for å sameine det amerikanske folket til valet i 2020.

Foto: Elaine Thompson / AP

– Øydelegg for Demokratane

Schultz seier han ønsker å representere dei som verken kjenner seg heime til ytre høgre eller ytre venstre, og at han som uavhengig kandidat kan gjere nettopp dette. Men sidan Schultz tidlegare har kalla seg sjølv «demokrat på livstid» vert han av Demokratane sett på som ein kandidat som kan øydelegge om han gjennomfører planen sin.

Leiaren av Demokratane i delstaten Washington, Tina Podolowski, meiner Shultz vil stele veljarar frå Demokratane om han stiller som uavhengig kandidat, og dermed gjere det enklare å vinne for Donald Trump.

Historia viser at ein uavhengig kandidat har små sjansar for å vinne eit val, og at ein slik kandidat kan ende opp med å skade partiet som kandidaten sympatiserer mest med fordi kandidaten stel stemmer frå sin nærmaste konkurrent.

Tenker mens han er på USA-turné

– Om han blir med i valkampen vil eg starte ein Starbucks-boikott, fordi eg vil ikkje gje ein einaste penny som kan ende opp i pengekista til ein som hjelper Trump til å vinne, skriv Neera Tanden, ein tidlegare rådgjevar til Hillary Clinton på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Schultz meiner sjølv at kritikken er feilslått, at det er «uamerikansk» å seie at noko ikkje går an, og at han ville kjenne at han var uærleg om han måtte snakke på vegner av Demokratane som han meiner har gått langt til venstre i politikken.

Han seier at han vil bruke dei neste månadane på å reise på bokturné rundt om i USA, og at han i løpet av denne tida vil vurdere sitt moglege kandidatur.

Kamala Harris starta sin valkamp

US-POLITICS-ELECTION-HARRIS-VOTE

Kamala Harris starta i går det som kan bli ein nesten to år lang valkamp. Der kritiserte ho Donald Trump, utan å nevne han ved namn.

Foto: NOAH BERGER / AFP

Ei av dei som har bestemt seg for å stille, og som førebels er blant dei største favorittane framfor nominasjonsvalkampen i 2020, er Kamala Harris. Ho starta i går sin valkamp ved å lange ut mot Donald Trump, utan å nemne han ved namn.

– Når me har leiarar som mobber og angrip den frie pressa og undergrev demokratiske institusjonar, så er ikkje det vårt Amerika. Når «kvit makt»-representantar marsjerer og drep i Charlottesville, eller drep uskyldige i ein synagoge i Pittsburgh, så er ikkje det vårt Amerika, sa ho til dei mange frammøtte under sin valkampstart i Los Angeles.

Demokratiske kandidater 2020

US-ELIZABETH-WARREN-ATTENDS-A-NH-ORGANIZING-EVENT-FOR-HER-PRESID

Her kan du se hvem som har lansert seg som kandidater til å bli Demokratenes kandidat ved presidentvalget i 2020. Nye navn legges til etter hvert som de melder seg.

SISTE NYTT

Siste nytt