Hopp til innhold

CNN-vert Chris Cuomo i hardt vêr – hjelpte guvernørbror

CNN-anker Chris Cuomo spelte ei større rolle enn tidlegare kjent i å forsvare broren, New York-guvernør Andrew Cuomo, mot skuldingar om seksuell trakassering.

Andrew Cuomo (t.v.) og Chris Cuomo

CNN-vert Chris Cuomo (t.h.) hjelpte broren, tidlegare guvernør i New York Andrew M. Cuomo, i større grad enn det som tidlegare har vore kjent.

Foto: Mike Groll / Evan Agostini/Invision / AP

Det viser nye dokument som vart offentleggjorde måndag.

Tusenvis av sider med nye bevis og vitneforklaringar viser korleis tidlegare guvernør Andrew M. Cuomo stolte på ei gruppe allierte, inkludert den yngre bror hans, CNN-verten Chris Cuomo, for å leggje strategiar for korleis han skulle avleie og overleve dei mange skuldingane om seksuell trakassering, skriv The New York Times.

I august måtte Cuomo, som då hadde sete som guvernør i ti år, gå av på grunn av ei rekkje skuldingar om seksuell trakassering.

Chris Cuomo tilbaud seg mellom anna å kontakte kjelder, inkludert andre journalistar, for å finne ut om fleire kvinner står fram offentleg.

La strategi med rådgjevarar

Han samarbeidde òg med medarbeidaren til den tidlegare guvernøren om strategi, oppmoda broren om å halde ein unnskyldande tone og kritiserte ein tidleg utsegn som han meinte bagatelliserte påstandane. Han skulda òg ein topprådgjevar for å skjule informasjon frå broren.

Samtidig fortalde den framståande CNN-journalisten til etterforskarar at han jamleg snakka med broren om korleis han skulle verke og at han irettesette han for «dårleg dømekraft».

– Då situasjonen byrja å akselerere, bad bror min meg om å bidra, sa Chris Cuomo til etterforskarar i eit seks timar langt avhøyr.

Chris Cuomo har tidlegare innrømt at det var feil å vere den uoffisielle rådgjevaren til broren, men omfanget av rolla hans har ikkje vore kjent før avhøyret frå juli og 169 sider med tekstmeldingar, e-postar og annan kommunikasjon vart offentleggjorde.

– Ikkje jobba med saka for CNN

Jane Kirtley, professor i medieetikk og juss ved University of Minnesota, seier journalistar må forstå at dei jobbar for offentlegheita, ikkje for politikarar.

Cuomo understrekar at han aldri jobba med eller rapporterte om saka om broren på CNN.

Kanalen seier i ei fråsegn at dokumenta «fortener ein grundig gjennomgang og vurdering».

– Dei neste dagane kjem vi til å ha samtalar og søkje ytterlegare klarheit i kva dette betyr for CNN, heiter det.

New Yorks guvernør Andrew Cuomo trekker seg etter anklager om seksuell trakassering. Dette sa han under en tale tirsdag. Foto: Reuters

New York-guvernør Andrew Cuomo trekte seg 10. august etter skuldingar om seksuell trakassering.

SISTE NYTT

Siste nytt