Hopp til innhold

Canadisk provins innfører eigen skatt for uvaksinerte

I den canadiske provinsen Quebec kan uvaksinerte innbyggjarar få ein ny helseskatt.

Vaksinesenter i Montreal i Canada

Dei fleste av innbyggjarane i Quebec er vaksinerte, men dei som ikkje er det, må førebu seg på å betale ekstra skatt, varslar styresmaktene. Biletet er frå eit vaksinesenter i Montreal i Quebec.

Foto: Graham Hughes / AP

Den nye helseskatten skal vere på plass dei kommande vekene.

– Vi jobbar med ei ordning for vaksne som nektar å la seg vaksinere, fordi dei utgjer ei økonomisk byrde for alle innbyggjarane i Quebec, seier førsteministeren i provinsen François Legault.

Førre veke innførte regjeringa påbod om framvising av vaksinasjonsbevis for å handle i statlege cannabis- og brennevinsbutikkar.

Provinsen har òg portforbod frå klokka 22 på kvelden til klokka 5 på morgonen.

Kunngjeringa kjem etter at provinsen har registrert det høgaste talet på koronarelaterte dødsfall i landet. I går blei det registrert 62 nye døde.

Over 12 tusen har døydd totalt i Quebec skriv BBC.

Quebec har og vore ein av dei provinsane i Canada som har høgast tal av daglege smittetilfelle. I går blei 8,710 nye smitta registrert. Sjukehusa har 2,742 koronarelaterte innleggingar.

10 prosent av innbyggjarane i provinsen har enno ikkje fått ein einaste vaksinedose. Dei bør ikkje påføre skade på dei andre 90 prosentane som er vaksinerte, uttaler Legault.

Legault viser til at den uvaksinerte delen utgjer 50 prosent av sjukehuspasientar som treng intensivbehandling.

Personar som av medisinske årsaker ikkje er vaksinerte, skal få fritak frå den nye skatten, opplyser han.

Meiner skatten kan vere splittande

Kerry Bowman er professor i bioetikk, og underviser i global helse ved universitetet i Toronto ser fleire utfordringar ved å implementere ein helseskatt for ikkje-vaksinerte.

– Denne skatten kan vere enormt splittande, kor mykje ynsker ein å presse folk? seier han til den canadiske avisa The Toronto star.

Han trur at den nye skatten undergrev det canadiske borgarar liker å tenke på som grunnlaget for deira helsesystem

–Helsesystemet dømmer ikkje den type åtferd som vi liker eller ikkje liker i pasientane. Dette riv ved rota til Canadas helselov, og etikken underbygger lova.

SISTE NYTT

Siste nytt