Britiske butikkar fyller hyllene – frykt for mathamstring og panikkhandel

Britiske daglegvarekjeder har fått beskjed av regjeringa om å fylle lagera. Årsaka er at ein brexit utan avtale ligg i korta.

Grønnsaksdisk i Tesco-butikk i Watford.

Utvalet av ferske matvarer kan verte mindre i britiske butikkar etter nyttår. Dette bildet er frå ein supermarknad i Watford utanfor London.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters/NTB

Grønsaker er mellom matvarene som det kan verte mangel på i tre månader frå nyåret, skriv Sunday Times. Beredskapsfolk trur at ein hard brexit vil utløyse panikk-kjøp og varehamstring i enormt omfang.

Det var fem kilometer med lastebilar i kø ved hamnebyen Dover fredag. På den franske sida av kanalen, ved Calais, var lastebilkøen 15 kilometer lang.

Skulda for køen ved Dover vert lagd på at kjedene har bestilt masser av varer til lagerhusa sine.

Trailere i kø i Dover

VARER I KØ: Lastebilar i kø ved Dover i England. Britiske daglegvarebutikkar har fått beskjed om å fylle lagera før nyttår, i fall det vert ein hard brexit.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters/NTB

Vil sikre vaksinar og medisinar

Ifølgje Sunday Times har regjeringa til Boris Johnson bede leverandørar av vaksinar, legemiddel og medisinsk utstyr om å ha seks veker med forsyningar på trygge stadar i Storbritannia.

Sunday Telegraph har fått opplyst at regjeringa arbeider med ei pakke for næringar som vil bli spesielt hardt ramma i tilfelle det ikkje vert nokon avtale med EU.

Fiskarar, sauebønder og bilprodusentar er blant dei som kan få del i støttepakka, som skal utgjere ein stad mellom 8 og 10 milliardar pund. Det svarer til mellom 93 milliardar og 116 milliardar kroner.

Lastebiler i lang kø ved Dover i England

Kilometerlange køar av lastebilar som frakter varer til og frå Storbritannia.

Foto: Frank Augstein / AP

Statsminister Johnson seier at forhandlingane med EU med stor grad av sannsyn vil verte resultatlause, og at Storbritannia vil forlate EU utan at det finst ein avtale, ein såkalla «hard brexit».

Britane har sett fire britiske marinefartøy i beredskap. Dei har fått ordre om å stanse trålarar frå EU-land frå 1. januar dersom dei forsøker å ta seg inn i britisk fiskerisone. I nokre ekstreme tilfelle kan krigsskipa eskortere dei utanlandske fiskefartøya til næraste hamn. Dette har vakt minner om torskekrigen på 1970-talet og har ført til sterke reaksjonar.

Kontakt gjennom natta

Partane har gitt seg sjølv frist ut søndag til å finne ut om dei skal halde fram forhandlingane. Overgangsperioden går ut ved nyttår. Laurdag kveld sa ei britisk regjeringskjelde at EUs tilbod framleis er uakseptabelt, men at samtalane held fram.

Britisk og EU-flagg i Brussel

Det britiske flagget heng enn så lenge saman med EU-flagget utanfor kommisjonen i Brussel.

Foto: FRANCOIS WALSCHAERTS / AFP/NTB

Ifølgje Sky News skal statsminister Boris Johnson og leiar i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, fortsette samtalane søndag. Sjølv om forhandlingane vart offisielt avslutta for dagen laurdag, har fleire forhandlarar halde kontakten gjennom natta, skriv nettstaden.

BBC skriv at britane må vere førebudd på fleire problem i fall det ikkje vert nokon handelsavtale med EU:

  • Prisane kan gå opp, mellom annan på bilar og meieriprodukt, når nye tollsatsar vert lagt på import/eksport frå/til EU. Utan handelsavtale må handelen følgje internasjonale WTO-reglar.
  • Auka grensekontroll kan føre til lange køar av lastebilar på grensa.
  • Utvalet av mat i butikkane kan verte mindre fordi ferske matvarer er spesielt utsett. Dersom dei skal hentast frå andre stadar med fly, vil det presse prisane opp.
  • Britisk eksport av fersk fisk til EU kan møte problem.
  • Ulike standardar for mat og emballasje kan føre til at britiske varer vert stoppa på grensa til EU.
  • Samarbeid når det gjeld tryggleik og deling av data kan verte vanskelegare. Storbritannia kan miste tilgjenge til europeiske databasar for fingeravtrykk og kriminelle rulleblad.

Les og: Korrespondentbrevet: Brexit styrer livet mitt

SISTE NYTT

Siste nytt