NRK Meny
Normal

Brenn kyrkjer og krev dødstraff

Ekstreme islamistar sette fyr på to kyrkjer og plyndra ei tredje i Indonesia. Dei krev at ein mann som er dømd for blasfemi, blir straffa med døden.

Islamistar brenn kyrkjer i Indonesia

Valden er fanga på video, men politiet har enno ikkje klart å finne dei skuldige.

Foto: HUMAN RIGHTS WATCH / Afp

Mannen er dømd til fem år i fengsel av ein indonesisk rett for å ha delt ut brosjyrar som spottar islam.

Fem år er maksimal straff ifølgje lova, men pøblane meinte det ikkje var nok, og krev dødsstraff.

– Pøblane ropte at han skulle få dødsstraff eller bli overlevert til dei, seier ein talsmann for politiet til nyheitsbyrået AFP.

«Drep, drep!»

Rundt 1500 personar deltok i protesten, og vart møtte av 1000 politimenn. Demonstrantane kasta stein mot politiet, som svarte med tåregass og skot i lufta.

Ifølgje det nasjonale nyheitsbyrået Antara ropte demonstrantane «drep, drep» utanfor rettssalen, og «brenn, brenn» då dei sette fyr på kyrkjene.

Regjeringa er under stort press for å takle religiøs ekstremisme. Dette er berre den siste av fleire religiøse valdshandlingar i det mest folkerike muslimske landet, skriv thailandske Bangkok Post.

Politiet undersøkjer eit øydelagd hus

Politiet undersøkjer eit øydelagd hus i Pandeglang.

Foto: Ap
Fleire personar vart skadde i angrepet

Tilhengjarar av ei minoritetssekt i Indonesia på sjukehus etter angrepet.

Foto: STR / Afp

Valdsbølgje

For to dagar sidan vart tre ahmadiyya-muslimar drepne av islamistar. Grupperinga har gjennom mange tiår hatt eit godt forhold til resten av det muslimske folket i Indonesia, men har i det siste møtt motstand i landet.

Fleire internasjonale menneskerettsorganisasjonar har sett fram krav om at drapa blir etterforska. Dei krev å få vite kvifor politiet ikkje greidde å stanse islamistane.

– Indonesia er eit tolerant land som bør vere mindre tolerante med slike ekstremistgrupper, sa leiaren for den amerikanske menneskerettskommisjonen Leonard Leo søndag.

– Det er på tide at den indonesiske regjeringa straffar dei som spreier hat og vald, sa han, og minte på at dette skjer berre tre månader etter at USA-president Barack Obama besøkte landet .

Politiet greip ikkje inn

Eit videoopptak av valden viser korleis islamistane angrip med masjeter, stokkar og steinar, medan dei ropar «Gud er den største». Tre personar blir drepne, og fem får alvorlege skader. To er framleis sakna, ifølgje politiet.

Videoen viser også at politiet ikkje grip inn, sjølv om angriparane held fram å øve vald mot kroppane til dei drepne.

(Artikkelen held fram etter biletet.)

Politiet var på staden, man klarte ikkje å hindre drap

Politiet var på staden, man klarte ikkje å hindre drap.

Foto: HUMAN RIGHTS WATCH / Afp

– Politiet bør studere denne videoen for å identifisere angriparane, seier den asiatiske Human Right Watch-leiaren Elaine Pearson.

– Det må også skje ein full gjennomgang av kvifor politiet ikkje greip inn og hindra valden, seier ho.

Politet seier dei har hatt to personar inne til avhøyr, men at dei ikkje har arrestert nokon enno.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt