Hopp til innhold

Slektningar torer ikkje hjelpe ebola-ramma born

Fleire tusen born, som har mist foreldra sine i ebola-epidemien i Vest-Afrika, blir avviste av slektningar som er livredde for å bli smitta. Hjelpeorganisasjonane har ikkje kapasitet til å hjelpe alle.

Born framfor heimen sin i Monrovia i Liberia.

Born som misser foreldra sine i ebola-epidemien risikerer at andre slektningar ikkje tek sjansen på å ta seg av dei. Desse borna sit utanfor heimen sin i Monrovia.

Foto: Jerome Delay / Ap

Slektningane er redde for sjølve for å bli smitta av den dødelege og svært smittsame sjukdomen. Ebola-utbrotet i det vestlege Afrika har hittil kosta 3100 menneske livet i Guinea, Liberia og Sierra Leone. Over 6500 menneske er smitta av viruset.

FNs barneorganisasjon Unicef reknar med at rundt 3700 born har mist minst ein av foreldra i epidemien..

- Potensiell dødstrussel

11 år gamle Kumba Fayah frå Monrovia.

11 år gamle Kubma Fayah miste både foreldra og systera av ebola. Sjølv er ho no smittefri og har fått hjelp av slektningar.

Foto: Jerome Delay / Ap

– Det er ein naturleg reaksjon å hjelpe og trøyste eit sjukt barn, men dette er no snudd på hovudet. No blir det sett på som ein potensiell dødstrussel, seier direktøren for Unicef i Sentral- og Vest-Afrika, Manuel Fontaine.

I Vest-Afrika er det ein sterk tradisjon for at eit barn som har mist foreldra sine, blir tekne hand om av medlemer av storfamilien. No blir mange av desse borna ståande åleine, fordi slektningane sjølve fryktar å bli ramma av den frykta sjukdomen.

Manuel Fontaine meiner at det hastar med å hjelpe desse borna. Dei kjenner seg uynskte og forlatne, seier han til AFP.

LES OGSÅ: – Frykt hindrer livsviktig utenlandsk ebolahjelp

LES OGSÅ: Helsedirektør satte seg selv i karantene

– Hjarteskjerande situasjon

Sara Crow er leiar for gruppe for krisekommunikasjon i Unicef-avdelinga i Liberia kallar behandlinga av borna i den hardast ramma områda for «hjarteskjerande».

- Mange born som har mist familiemedlemer av ebola opplever ei omfattande stigmatisering, einaste utvegen deira er å drive gatelangs, seier ho.

Unicef opplyser no at 2500 menneske, som har overlevd sjukdomen og dermed truleg har utvikla immunitet, skal få opplæring i å ta seg av desse borna i spesielle behandlingssenter for born. Dette skjer i Sierra Leona.

Born deltek i gudsteneste i Monrovia.

Born som har opplevd ebola hos familiemedlemer deltek i ei gudsteneste i Monrovia.

Foto: Jerome Delay / Ap

Eit liknande prosjekt er sett i verk i Guinea, der det er håp om at 60.000 menneske, både born og vaksne, frå traumatiserte familiar, skal få hjelp.

LES OGSÅ: Solberg vil gi halvannen milliard kroner til vaksiner - hvert år

LES OGSÅ: Cuba sender flere hundre for å bekjempe ebola

Treng meir pengar

Unicef har bede om 200 millionar dollar, rundt 1,2 milliardar norske kroner, til å gi strakshjelp til born som er ramma av ebola-epidemien og familiane deira. Organisasjonen har hittil berre fått berre ein firedel av pengane dei treng.

Røde Kors hentar ut døde frå eit hus i Monrovia.

Representantar for Røde Kors hentar ut ein ebola-død person frå eit hus i Monrovia i Sierra Leone.

Foto: PASCAL GUYOT / Afp

LES OGSÅ: – Selv jeg som er lege er engstelig

LES OGSÅ: Norge vil sende flere helsearbeidere til Vest-Afrika

SISTE NYTT

Siste nytt