Hopp til innhold

Bloomberg går inn for skjerpt våpenkontroll i USA

Demokraten Michael Bloomberg kastar seg inn i valkampen i USA med å varsle at han vil gå inn for å skjerpe våpenlovene.

Michael Bloomberg på møte om våpenkontroll i USA

STRENGARE: Milliardær Michael Bloomberg varsla at han vil gå inn for strengare våpenlover dersom han vert vald til Demokratane sin presidentkandidat Neste år.

Foto: Thomas Peipert / AP/NTB Scanpix

Like ved åstaden for ei av dei verste masseskytingane i Colorado gjekk New York-milliardær Bloomberg ut med bodskap sin torsdag. Han vil forby spesielle typar angrepsrifler, innføre lisens for våpenkjøparar og at Det kvite huset skal innta ei heilt ny rolle i korleis vald med skytevåpen skal motverkast.

– Eg har vore dedikert i kampen mot skytevåpen i 15 år, sa 77-årige Bloomberg.

– Som president vil eg arbeide for å få ein slutt på epidemien av vald utført med skytevåpen ein gong for alle, sa den tidlegare New York-ordføraren.

Han lanserte ei lang liste med tiltak for å få kontroll på våpensalet i USA.

Utspelet torsdag kom under eit lukka møte i byen Aurora i Colorado, der han møtte overlevande etter masseskytinga i 2012. Då vart 12 personar drepne og nesten 60 såra inne i ein kino i byen.

– Eg lovar at eg aldri skal gje opp denne kampen. Det er ein slik president dette landet treng og fortener, sa Bloomberg til tilhøyrarane.

Skyting ved kino i Aurora, Denver, USA

BATMAN-SKYTTEREN: Under ei midnattsvising av den nye Batman-filmen i 2012 kom ein mann inn i kinosalen og skaut rundt seg.

Foto: Karl Gehring / Ap

Bloombergs påmelding i kampen om å bli Demokratane sin kandidat mot Donald Trump ved presidentvalet neste år, har vorte møtt med skepsis frå fleire hald. Med massive reklamekampanjar på TV har milliardæren og den tidlegare republikanaren vorte skulda av konkurrentane Bernie Sanders og Elizabeth Warren for at han prøver å kjøpe valet.

SISTE NYTT

Siste nytt