I slutten av januar hadde forskingsstasjonen Troll besøk av ein stor, norsk delegasjon med Espen Barth Eide og tre statssekretærar i spissen. Målet var å få meir kunnskap om aktiviteten på Troll, og å få oversikt over behovet for oppgradering.
No er konklusjonen klar. Ein splitter ny Troll-stasjon kan stå klar i 2030. Regjeringa har bestemt å byggje ny stasjon til rundt 2 milliardar kroner.
– Vi skal byggje ein moderne stasjon som er nøktern, men effektiv, og som gjer at det blir god plass til å drive det forskingsarbeidet som skal gjerast der, seier klima- og miljøminister Eide (Ap) til NRK.
Containerskipet Malic Arctica lossar forsyningar ved iskanten i januar 2021. No er losseplassen flytta, men det er altså på denne måten modulane til ein ny stasjon skal komme fram til Antarktis. Det er 29 mil frå iskanten og inn til Troll.
Foto: Norsk PolarinstituttMed skip til iskanten
Det er ingen A4-jobb å byggje forskingsstasjon i Antarktis. Den må sendast i modular med skip frå Europa, over Sørishavet og fram til iskanten. Derifrå må dei ulike «bitane» fraktast med beltevogner over blåisen, 290 kilometer inn til Troll.
Byggjearbeidet må gjennomførast over fleire sommarsesongar, frå november til tidleg i mars. Resten av året er stasjonen isolert frå omverda.
Statsbygg har omtalt prosjektet som det mest spesielle dei nokon gong har hatt.
– Dette blir ei radikal endring. Avgjerda representerer ei solid satsing på norsk forsking i Antarktis, seier direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund. Det dei som driv stasjonen.
Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen (t.v.) og direktør for Norsk Polarinstitutt, Ole Arve Misund på Troll.
Foto: Eivind Molde / NRKKummerlege forhold
I dag er det kummerlege forhold for forskarane som jobbar på Troll. Dei har ingen eigne kontor eller andre lokale dei kan disponere fast gjennom sesongen.
– Slik det er no, må vi improvisere heile tida. Med ny stasjon får vi plass til inntil 20 forskarar samtidig. Dei får både kontorplass, laboratorium og plass til å førebu feltaktivitet, seier Misund.
Forskingsstasjonen Troll. Til venstre ser vi den raude stasjonsbygningen, som skal rivast, og erstattast av eit nybygg på 6500 kvadratmeter. Dette skal skje samtidig som drifta er i full gang.
Foto: Eivind Molde / NRKStatsbygg har laga fire ulike forslag som i pris varierer frå ein til 3 milliardar kroner. Alternativa til 2 og 3 milliardar er blitt vurdert som dei mest aktuelle. No er det altså det nest mest ambisiøse forslaget som blir ein realitet. Det blir eit nybygg på 6500 kvadratmeter.
– Dette alternativet gir oss ein moderne og framtidsretta stasjon, seier Misund.
Troll stod klar i 1990, men blei berre brukt om sommaren. 15 år seinare var stasjonen oppgradert til heilårsstasjon, og blei opna av dronning Sonja. Etter snart 20 år under ekstreme verforhold er stasjonen i ferd med å gå ut på dato.
Dronning Sonja opna heilårsstasjonen i 2005.
Foto: Cornelius PoppeHalvere klimagassutsleppa
I samband med studieturen sa administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen, følgjande til NRK:
– Stasjonen har ei rest-levetid på mindre enn ti år. For det andre er kapasiteten for liten, og for det tredje er klimafotavtrykket dårleg. Det er nødvendig å få plass ei berekraftig energiforsyning.
Nesten all energi kjem i dag frå eit dieselaggregat.
– Ein ting er dieselbruken på stasjonen gjennom året. Men heile 60 prosent av klimagassutsleppa på Troll kjem frå transporten av diesel fram til stasjonen. No ønskjer vi å byggje ut med sol- og vindkraft på Troll. Dermed kan vi halvere klimagassutsleppa samanlikna med i dag. Det blir likevel nødvendig å bruke diesel, men berre som eit supplement, sa Nikolaisen.
Like ved Troll ligg satellittstasjonen TrollSat. Data som blir lasta ned her, blir blant anna brukt til forsking, vêrmelding, klima- og miljøovervaking og skipsovervaking. Kongsberg Satellite Services (KSAT) driv denne stasjonen.
I tillegg har Norsk institutt for luftforsking (NILU) ein avansert målestasjon for luft og atmosfære i området. Det er også ein meteorologisk stasjon på Troll.
Kong Harald spøkte med dronning Sonja då han fortalde om besøket til forskingsstasjonen Troll i 2015.
Norsk ansvar
Espen Barth Eide understrekar at desse også har nytte av ein ny stasjon.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide på tur frå Troll.
Foto: Eivind Molde / NRK– Det som TrollSat driv med, er ei av dei viktigaste kjeldene til informasjon i sanntid om korleis det står til med kloden vår. Ny stasjon gjer det tryggare og sikrare å halde aktiviteten på og rundt Troll i gang også gjennom den antarktiske vinteren, seier Eide.
– Er det nødvendig å bruke 2 milliardar i Antarktis?
– Vi har eit stort ansvar som polarnasjon, og gjennom samarbeidet om Antarktistraktaten. Med ny stasjon kan vi gjere ein betre innsats for å forstå meir av klimaendringane, som ikkje minst gjer seg gjeldande i polområda. Vi får eit solid norsk fotavtrykk Antarktis, slik vi har på Svalbard i Arktis. Eg er veldig glad for og stolt over at vi no har fått ei avklaring, seier Eide.