Skodespelar Jan Frostad er død
Skodespelar Jan Frostad frå Bergen er død.
Frostad døydde i heimen sin i Trondheim 20. oktober, etter å ha vore sjuk i kort tid. Det melder sonen hans i ein pressemelding, skriv Dagbladet.
Frostad har medverka i over 150 produksjonar innan film, TV, teater, radioteteater og fjernsynsteateret.
Han starta karriera som skodespelar allereie som sjuåring ved Den Nationale Scene i Bergen, skriv BT.
Skodespelaren vart 75 år gammal, og etterlet seg seks barn.