Antarktispetrell, snøpetrell og sørjo. Dette er fuglane som lever i fjellområda i det norske området Dronning Maud Land i Antarktis.
Snøpetrellen held til inne i urer og under steinar, mens antarktispetrell og sørjo legg egg rett på bakken i fjellsidene.
I mars i fjor fortalde NRK historia om det tomme fuglefjellet på Svarthamaren. Svarthamaren har vore kjent for å ha den største kolonien med antarktispetrell i verda.
Men i fjor var det ingen der. Berre nokre få snøpetrellar og nesten ingen sørjoar. No er dei tilbake. Men det er færre enn før.






– Det var heilt tomt
Vi går bratt oppover gjennom ei ur i lia bak den norske forskingsstasjonen Troll. Svarthamaren er rundt 100 kilometer unna.
Her ved Troll er det snøpetrellane som «residerer». Inne i ura er det fleire titals reir.
– Her inne er det ein kylling, seier Harald Steen. Han er biolog og forskingsdirektør på Norsk Polarinstitutt.
– Her inne ligg det ein snøpetrell, seier biolog Harald Steen, som er forskingsdirektør ved Norsk Polarinstitutt.
Foto: Eivind Molde / NRKHan har høyrt ein svak lyd, og tittar inn under steinen. Langt der inne, gjennom ei smal opning, ser han den vesle fuglen, kanskje eit par veker gammal.
– Situasjonen i fjor var den same her som på Svarthamaren. Det var tomt. Heilt tomt. Antarktissommaren 2021–2022 var heilt spesiell. No har vi begynt å forstå meir av kva som skjedde, seier Steen.
Ein liten snøpetrell i reiret sitt inne i ei ur ved forskingsstasjonen Troll.
Foto: Eivind Molde / NRKEkstreme verforhold
– Vi trur at fuglane kom hit til fjellområda som vanleg då hekkesesongen starta. Men i løpet av desember 2021 var det veldig mange kraftige stormar i området. Dette førte truleg til at fuglane blei slitne og gav opp, seier Steen.
No har Steen, Sébastien Descamps, Joanna Sulich og fleire andre fugleforskarar publisert ein vitskapleg artikkel om fuglane og ekstremvêret som dei blei utsette for. Artikkelen er publisert i tidsskriftet «Current Biology».
Dei omtalar det som skjedde som svært uvanleg. Det skjer ikkje ofte at stormane utryddar heile koloniar.
Ein serie med stormar, med ekstrem vindstyrke kombinert med kraftig snøfall, gjorde det uleveleg ved hekkeplassane. Dei returnerte derfor tilbake til Sørishavet, ifølgje forskarane.
– Men toler ikkje fuglane her uver?
– Jau, dei toler svært mykje. Men det kan også hende at våren var dårleg, at dei ikkje fekk bygd opp den opplagsnæringa dei hadde bruk for. Dei var kanskje litt på felgen då dei kom. Og når stormane kom på toppen av dette, så blei det for mykje for dei, seier Steen.






Antarktispetrell i Jutulsessen - nokre kilometer frå Troll
Foto: Sébastien Descamps / Norsk PolarinstituttLang reise for å finne mat
Petrellane lever av kril og fisk som dei finn i Sørishavet. Frå fjellområda i Dronning Maud Land er det rundt 20 mil ut til iskanten. Så må fuglane vidare ut over havet, kanskje 20 mil til, for å komme til «matfatet».
Deretter ventar ein like lang veg tilbake til reiret. Dei er borte eit par dagar. Maten samlar dei opp i ein sekk. Fisk og kril blir til ein olje som fuglungen i reiret får.
Snøpetrell i svevet over Troll.
Foto: Stein Tronstad / Norsk PolarinstituttKraftig nedgang i bestanden
Fuglane kjem til fjella i Dronning Maud Land seint om våren for å hekke. Vanlegvis forlèt dei ikkje reira før i februar eller mars når ungane er flygedyktige. Då set dei kursen mot Sørishavet, der dei lever resten av året.
Denne sesongen har det altså vore fullt liv igjen i fuglefjella. Men det er færre fuglar enn før.
– Det er ikkje nokon akutt fare for bestanden. Men det er altså ein nedgang i talet på antarktispetrell frå over 200.000 til ca. 70.000, seier Harald Steen.
Klimaforskarar slår fast at global oppvarming fører til meir ekstremvêr. Det inntreffer oftare, og blir meir intenst.
Steen er spent på korleis utviklinga blir framover for fuglebestandane i Dronning Maud Land.
Antarktispetrell i Jutulsessen.
Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt