Hopp til innhold

Keisarpingvinen kan forsvinne

65 prosent av alle dyreartar i Antarktis står i fare for å forsvinne innan 2100, ifølgje ein ny studie. Keisarpingvinen er mest utsett.

Keiserpingvin

Keisarpingvinar ved Snow Hill Island i Weddelhavet i Antarktis.

Foto: Arne Nævra

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Global oppvarming er den største trusselen mot dyrelivet i Antarktis, ifølgje ein forskingsrapport som er publisert i tidsskriftet Plos Biology.

28 forskingsinstitusjonar i 12 land står bak rapporten.

Dersom utsleppa av klimagassar held fram som i dag, kan opp mot 80 prosent av keisarpingvinane vere nesten heilt borte innan 2100 (bestanden redusert med over 90 prosent), ifølgje rapporten.

Arne Nevra

Arne Nævra i Antarktis.

Foto: Stein P. Aasheim

– Alarmerande

I Arktis stig temperaturen nesten fire gonger raskare enn på resten av jorda. No ser forskarane effekten av den globale oppvarminga også heilt i sør, i Antarktis.

– Eg er ikkje overraska over denne rapporten. Det har berre vore eit spørsmål om tid før konsekvensane av klimaendringane ville bli meir tydelege her. Issmeltinga går raskare også i sør. Det er alarmerande, seier naturfilmskapar Arne Nævra.

Nævra møtte pingvinane på nært hald ved Weddelhavet i Antarktis i 2010.

Pingvinane lever av kril og fisk, og hekkar på isen. Problemet er at vatnet under isen blir varmare og varmare.

Keiserpingvin

Keisarpingvinar ved Snow Hill Island. Alle dei mindre, grå fuglane er ungar.

Foto: Arne Nævra

Hekkeplassen smeltar vekk

– Forsvinn isen, har ikkje pingvinane nokon hekkeplass meir. Og kva med tilgangen på mat? Næringsgrunnlaget kan bli dårlegare på grunn av endringane i havet, seier Nævra.

Den nest største kolonien med keisarpingvinar blei utsletta i 2016, då meir enn 10.000 kyllingar døydde i Halley Bay i Weddelhavet. Isen gjekk tidleg, før pingvinane kunne symje. Dei drukna.

Og kolonien ved Point Géologie, som blei filma i dokumentaren «Pingvinane sin marsj», har minka med nær 50 prosent sidan 70-talet.

isbjørn

Ung isbjørn i isen nord for Sjuøyane på Svalbard, ca. 81 grader nord.

Foto: Arne Nævra

Isbjørn og pingvin

Arne Nævra har sett med eigne auke korleis levekåra for isbjørnen på Svalbard er blitt dårlegare. Og han ser ein samanheng mellom isbjørn og pingvin.

– Eg ser på isbjørn og pingvin som «signatur-artar» som åtvarar om klimautviklinga på kvar sin plass, i Arktis og Antarktis. Ingen plett er fri for menneskelege avtrykk. Det er ingen grenser, seier Nævra.

Han trur at både isbjørnar og pingvinar vil klare seg, men på Svalbard vil isbjørnen forsvinne som fast, ynglande art om eit par-tre tiår.

– Bestandane blir nok svært reduserte. Eg trur at mange pingvinkoloniar vil forsvinne heilt, seier Nævra.

Keiserpingvin

Ein stor koloni med keisarpingvinar held til her ved Snow Hill Island i Weddelhavet. Dette er den nordlegaste av alle dei 40-50 keisarpingvinkoloniane som er kjent i Antarktis.

Foto: Arne Nævra

Global innsats mot klimaendringane

I rapporten listar forskarane opp ti tiltak som kan bremse den negative utviklinga.

Tiltaket som vil ha størst effekt, er å redusere den globale oppvarminga.

– Det er mange truslar som påverkar artane i Antarktis, sjølv om vi ser på dette som eit urørt og isolert område. Den største trusselen kjem utanfrå, seier hovudforfattar Jasmine Lee ved British Antarctic Survey til The Guardian.

– Vi treng verkeleg ein global innsats for å bremse klimaendringane, samtidig som det er nødvendig med lokale og regionale tiltak for å bevare det biologiske mangfaldet. På den måten kan artane Antarktis få ein betre sjanse til å overleve i framtida, seier han til CNN.

Prislappen for tiltak som kan gjennomførast i Antarktis, er 230 millionar norske kroner i året dei neste 83 åra, ifølgje rapporten.

Keiserpingvin

Keisarpingvinar ved Snow Hill Island, to vaksne og tre ungar.

Foto: Arne Nævra

Redusere turismen

Det mest kostnadseffektive tiltaket vil vere å redusere den menneskelege aktiviteten i Antarktis, både når det gjeld turisme og forsking.

– Dette vil minske faren for å introdusere artar som ikkje er naturleg heimehøyrande i Antarktis, seier Lee.

Aleks Terauds frå the Australian Antarctic Division er medforfattar av rapporten.

– Vi kan lære opp reisearrangørane til å unngå område med trua artar, og vil kan lære opp turistane sjølve, seier Terauds.

Rapporten understrekar også at det er viktig å redusere miljøpåverknaden frå bruk av køyretøy og fly, og ulike byggjeprosjekt.

I oktober bestemte amerikanske styresmakter at keisarpingvinar skal stå på lista over utryddingstrua artar.

Bakgrunnen var problema som minkande havis fører til.

– Klimaendringane påverkar artar i heile verda i betydeleg grad. Vi ser på oppføringa av keisarpingvinen både som ei alarmklokke og ei oppfordring til handling, sa direktør i US Fish and Wildlife Service, Martha Williams då kunngjeringa kom.

SISTE NYTT

Siste nytt