Hopp til innhold

Denne fuglen forsvinn – ingen veit kvifor

Bestanden av antarktispetrell er redusert med over 90 prosent dei siste tretti åra. Forskarar arbeider på spreng for å finne årsaka til den drastiske reduksjonen.

Antarktispetrell

FORSVINN: Antarktispetrell i Svarthamaren i Dronning Maud Land.

Foto: Norsk Polarinstitutt

I 1984 var det registrert 200.000 par av antarktispetrell ved Svarthamaren i Antarktis. I fjor var bestanden krympa til under 20.000 par.

– Dette er svært overraskande, seier forskar og biolog Sébastien Descamps frå Norsk Polarinstitutt. Han er prosjektleiar for forskinga på antarktispetrell.

Forskinga finn stad ved fjellet Svarthamaren (2195 moh.), som ligg 200 kilometer inne i Dronning Maud Land, ca. tre timars reisetid med snøscooter eller beltevogn frå den norske forskingsstasjonen Troll.

VIDEO: Forskaren festar ein såkalla lysloggar til fuglen. Dette er ei lett databrikke som registrerer fuglen sin posisjon.

Matmangel

Her finn vi den største kjente kolonien av antarktispetrell i verda. I tillegg hekkar mange par av snøpetrell og sørjo i same område.

Sébastien Descamps

Forskar og biolog Sébastien Descamps frå Norsk Polarinstitutt er prosjektleiar for forskinga på antarktispetrell ved Svarthamaren i Dronning Maud Land.

Foto: Jan Roald / Norsk Polarinstitutt

– For seks-sju år sidan var det framleis i underkant av 70.000 par her. No er vi altså nede i under 20.000. Det har vore nedgang kvart einaste år. Fuglefjellet er ikkje til å kjenne igjen, det ser svært tomt ut samanlikna med tidlegare, seier Descamps.

– Kva kan vere årsaka til den kraftige nedgangen?

– Vi har lite konkret informasjon om årsaka, men det har truleg med reduksjon i krill-bestanden å gjere. Tidlegare forsking har vist at krill-bestanden i delar av Sørishavet går ned. Vi har rett nok ikkje data frå akkurat det området der antarktispetrellen har sitt «matfat», men det er grunn til å tru at det er ein samanheng her, seier Descamps.

Antarktispetrell

Antarktispetrell er ein fugleart i stormfuglfamilien. Fuglen er brun og kvit, har ei lengde på ca. 45 cm, og veg 400 - 700 gram.

Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt
Antarktispetrell 6

Det er blitt langt færre av denne fuglen - antarktispetrell - i Dronning Maud Land i Antarktis.

Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Viktig informasjon om havet

Han ser på antarktispetrellen som ei viktig kjelde til informasjon om korleis økosystema i Sørishavet endrar seg.

Sidan 1992 har Norsk Polarinstitutt hatt ein liten feltstasjon ved Svarthamaren. Stasjonen ligg 1700 meter over havet, og blir brukt delar av året til ornitologiske studium. Tor er base for det langsiktige overvakingsarbeidet av sjøfuglbestandane i Svarthamaren.

Feltstasjonen Tor

Norsk Polarinstitutt sin feltstasjon ved Svarthamaren.

Foto: Stein Tronstad / Norsk Polarinstitutt

Kvar sommar (desember - februar) sidan 2011 er hekkande antarktispetrellar blitt fanga på reiret og utstyrt med GPS-sendarar. Sendarane registrerer fuglane sin posisjon 1 - 12 gonger i timen gjennom sommaren. Forskarane bruker også såkalla lysloggarar, som loggar posisjonen resten av året. Dette er ei lett databrikke som blir festa til ein fotring.

Antarktispetrell 5

Antarktispetrell i Svarthamaren i Dronning Maud Land.

Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Tilbake til Antarktis

Etter nyttår reiser Sébastien Descamps til Antarktis for fjerde gong for å halde fram med forskingsarbeidet i felt. Også tre andre sjøfuglforskarar skal delta i prosjektet denne sesongen.

– Eg er spent på korleis forholda er der no, seier Descamps. Planen er blant anna å merke og setje satellittsendarar på fuglane, og ta ulike prøver av dei. Når feltarbeidet er over, skal vi lage nye estimat.

Forskarane skal bu i fire-fem veker på Tor. Prosjektet ICEBIRD er finansiert av Noregs forskingsråd.

Antarktispetrell 4

I Svarthamaren i Dronning Maud Land finn vi den største kjente kolonien av antarktispetrell i verda.

Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

SISTE NYTT

Siste nytt