NRK Meny
Normal

Ber om «fred» med Sør-Korea

Nord-Korea ber om eit betre forhold til naboen i sør, men åtvarar om at manglande samarbeid kan føre til det dei kallar eit «kjernefysisk holocaust».

Nordkoreanarar samlar seg framfor statua av Kim Il-Sung

Nordkoreanarar samlar seg framfor statua av Kim Il-Sung, grunnleggjaren av Nord-Korea.

Foto: KCNA / Reuters

Sørkoreanske soldatar patruljerer grensa

Sørkoreanske soldatar patruljerer grensa. Nord-Korea ber om at det nye året må bli fylt med dialog og samarbeid mellom erkefiendane.

Foto: LEE JAE-WON / Reuters
Kvinne i Sør-Korea

Ein tidlegare nordkoreansk borgar på sørkoreansk side av grensa.

Foto: LEE JAE-WON / Reuters
Unge nordkoreanske kvinner møter det nye året i Pyongyang

Unge nordkoreanske kvinner møter det nye året i Pyongyang.

Foto: Ap

– Konfrontasjonar mellom Nord- og Sør-Korea bør bli avdramatiserte så snart som råd, skriv tre av dei største avisene i Nord-Korea i ein felles leiarartikkel på første nyttårsdag.

Dei ber om dialog og samarbeid for å kjøle ned det oppheta forholdet mellom naboane.

– I år bør vi gjere eit meir målretta forsøk på å betre forholda mellom dei koreanske landa. Vi må aktivt prøve å skape eit miljø som legg til rette for dialog og samarbeid mellom Nord- og Sør-Korea ved å sette felles interesser over alt anna.

«Kjernefysisk holocaust»

Artikkelen er skriven av det offisielle statlege nyheitsbyrået. Men sjølv om artikkelen løfta fram sitt ønske om eit betre forhold mellom landa, åtvara dei også Sør-Korea om følgjene av å ikkje samarbeide, skriv nyheitsbyrået AFP.

– Om ein krig bryt ut her, vil det garantert føre til eit kjernefysisk holocaust, skriv dei.

Etter at den yngste sonen til Kim Jung-il kom inn i maktbiletet i september, har det vore fleire militære konfrontasjonar mellom landa.

Kim Jung-un vart oppnemd til firestjerners general, fekk ein leiarposisjon i staten og starta å vise seg saman med faren på offisielle tilstellingar.

Det er venta at han vil ta over etter faren som blir vurdert til å ha sviktande helse.

Kim Jong-un

Kim Jong-un viste seg saman med far sin på ein stor militærparade i 2010.

Foto: Vincent Yu / Ap

– Kim Jung-un festar grepet

Nord-Korea har vist militære musklar ved å bombe øya Yeounyeong , der to sivile og to sørkoreanske soldatar vart drepne. Sør-Korea har halde militære øvingar i same området sjølv om Nord-Korea åtvara om at ei slik handling ville føre til atomkrig .

Tidlegare i 2010 skulda Sør-Korea nabolandet for å senke eitt av deira krigsskip nær den omstridde grensa mellom landa i Gulehavet. Nord-Korea avviser klagane.

President i Sør-Korea, Lee Myung-bak

President i Sør-Korea, Lee Myung-bak, braukar første nyttårsdag til å helse til sørkoreanske soldatar i Afghanistan.

Foto: HO / Reuters
Leiaren i Nord-Korea Kim Jong-il

Det offisielle nyheitsbyrået i Nord-Korea har lagt ut dette udaterte biletet av leiaren Kim Jong-il.

Foto: KCNA / Reuters

No meiner ein professor og Nord-Korea-ekspert at landet vil prøve å halde området stabilt i ein periode der Kim Jung-un skal ta over og feste grepet på makta i Nord-Korea.

– Artikkelen hintar om at Nord-Korea vil vente til etter eit møte mellom Kina og USA denne månaden, og ei militørøving som USA og Sør-Korea skal halde i mars, før dei vil bestemme seg for om dei vil gå i konfrontasjon eller dialog med Sør-Korea, seier Yang Moo-Jin ved Universitetet i Seoul til AFP.

Nord-Korea trekte seg frå seksnasjonarsamtalane mellom dei to koreanske landa, USA, Russland, Kina og Japan i april 2009. Samtidig kasta dei ut FN-inspektørar, noko som har ført til frykt om at landet kan vere på veg til å utvikle atomvåpen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt