Hopp til innhold

Nytt utbrot frå «eldvulkanen» i Guatemala

Volcán de Fuego har hatt eit nytt utbrot. Om lag 3000 personar har fått beskjed om å reise frå heimane sine.

Utbrudd fra Fuego-vulkanen

Nytt utbrot frå Fuego vulkanen i Guatemala. 3000 personar har flykta frå landsbyar i området.

Foto: JOHAN ORDONEZ / AFP

– Ti lokalsamfunn har fått beskjed om å evakuere, og kome seg til trygge område, sa David de León måndag til nyheitsbyrået AP

De León er talsmann for den nasjonale koordineringa ved krisesituasjonar, og seier at det har vore auka aktivitet i vulkanen dei siste dagane.

GUATEMALA-VOLCANO-FUEGO

Lava velter ut frå vulkanen, som ligg 65 km sørvest for Guatemala City.

Foto: JOHAN ORDONEZ / AFP

Volcán de Fuego er ein av dei mest aktive vulkanane i Mellom-Amerika. Den ligg i den sørlege delen av Guatemala, vest for turistbyen Antigu og 65 kilometer sørvest for hovudstaden Guatemala by.

2.995 menneske frå byen Escuintla og to andre distrikt i nærleiken er flytta til evakueringssenter.

Aktiv vulkan

Vulkanen har allereie hatt fleire utbrot i år. I juni mista minst 194 menneske livet etter eit kraftig utbrot frå vulkanen.

Store delar av områda rundt vulkanen såg ut som eit månelandskap dekka av oske. Over 200 menneske er framleis sakna, og ein reknar med at mange av desse framleis ligg gravlagde under massane.

Volcan de Fuego

Tjukk røyk med oske steig opp frå Volcán de Fuego i Guatemala før utbrotet. Styresmaktene bad folk som bur i områda rundt vulkanen om å evakuere. No skal 3000 av dei ha flykta.

Foto: Moises Castillo / AP

Etter utbrotet i juni fekk styresmaktene i Guatemala kraftig kritikk for måten dei handterte katastrofen. Den gongen fekk ikkje folk i området beskjed om å evakuere, trass fleire varsel om at det kom til å kome eit stort vulkanutbrot.

Bil Guatemala

Både hus og bilar vart dekte av oske under vulkanutbrotet i juni.

Foto: Johan Ordonez / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt