Hopp til innhold

BBC-kjendis ut mot kongefamilien – maskerte menn sette fyr på bil ved huset hans

Den kjende miljøaktivisten og BBC-kjendisen Chris Packham blei natt til fredag utsett for eit dramatisk angrep etter han gjekk hardt ut mot kongefamilien og deira jakttradisjonar og eigedomar.

Bilbrann utanfor eigedomen til BBC-kjendisen Chris Packham.

UTBRENT: Natt til fredag blei denne bilen sett fyr på utanfor eigedomen til BBC-kjendisen Chris Packham.

Foto: Chris Packham / Twitter

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

To maskerte menn sette fyr på ein bil utanfor huset hans, vel vitande om at dei blei filma.

– Det var eit inferno. Naboane ringde brannvesenet, dei kom og sløkte brannen. Så kom politiet, seier Packham i ein video han har lagt ut på Twitter.

BBC-kjendisen Chris Packham har dei siste åra markert seg tydeleg mot jakt og for meir villmark i Storbritannia.

Blant anna meiner han at kongefamilien sine landeigedomar må førast tilbake som villmark og ikkje vere ein arena for lystjakt.

Brannen gjorde store skader på porten inn til huset hans som ligg i New Forest i Hampshire.

Eigedomen har kameraovervaking og Packham seier at videoen syner korleis dei to maskerte mennene køyrde ein Land Rover opp til porten og sette fyr på bilen.

– Porten er ikkje synleg frå soverommet, men eg og hundane vakna av eit massivt smell, seier han i videoen.

Han meiner sjølv at dei som står bak må vere internettroll eller andre som har noko i mot hans sterke syn på blant anna miljøvern og jakt.

TV presenter and naturalist Chris Packham

KJEMPAR VIDARE: Chris Packham under den fredelege demonstrasjonen utanfor Buckingham Palace fredag. Berre timar før blei han vekt av at nokon starta ein brann der han bur.

Foto: Adrian Dennis / AFP

Vil ha meir villmark

Dei siste dagane har Packham vore i søkelyset fordi han går i spissen for kampanjen som krev at kongefamilien fører landeigedomane sine tilbake til den villmarka det ein gong var.

Blant desse er dronninga sin eigen favoritt, Balmoral i Skottland, eit gods på over 200 kvadratkilometer. I dag blir landområda ved godset for det meste brukt til hjortejakt.

– Dersom Balmoral blir tilbakeført vil det bli ein temperert regnskog fylt med eit mykje rikare mangfald av liv, sa Packham til BBC fredag.

Dronning Elizabeth eig i dag over 3200 kvadratkilometer med skogar, bøar og innmark rundt om på dei britiske øyane.

Like stort som den 12. største kommunen i Noreg, Ullensvang i Hardanger.

No krev miljøvernarar i Storbritannia at desse eigedomane må sleppast laust til naturen og igjen bli slik det var før.

Kongefamilien er i dag den største private landeigaren i Storbritannia.

Britain's Queen Elizabeth II and Britain's Prince Charles, Prince of Wales plant a tree to mark the start of the official planting season for the Queen's Green Canopy (QGC) at the Balmoral Cricket Pavilion,

VIL HA VILLMARK: Prins Charles og dronning Elizabeth på Balmoral 1. oktober i år. Miljøaktivistar vil tilbakeføre eigedomen til villmark.

Foto: Andrew Milligan / AFP

Drog rett til protestmarkering

Chris Packham har i mange år vore journalist i BBC, og i Storbritannia er han ikkje minst kjend for naturseriane Springwatch og The Really Wild Show.

Han står no fram som talsmann for dei over 100.000 britane som har skrive under på oppropet til kongefamilien.

I oppropet peikar dei på at Storbritannia er nede på 189.-plass i verda over tilgjengeleg villmarksareal.

– Som folk, forskarar og ekspertar, ber vi deg med respekt om å føre tilbake landområda dine til villmark, står det skrive i oppropet som er sendt til dronning Elizabeth.

Fredag var Chris Packham til stades framfor Buckingham Palace i London saman med mange barn, foreldre og studentar.

I ein fredeleg protest framførte dei kravet om at kongefamilien må gå føre som eit godt døme.

– På mi vakt som miljøvernar og naturvernar har eg svikta desse unge menneska. Eg har ikkje klart å handle raskt og breitt nok for å forhindre krisa vi er i, sa Packham til BBC etter markeringa.

TV presenter and naturalist Chris Packham (CR) and school students and parents poose as they gather in order to hand over a 100,000-signature petition urging the Royal Family to rewild their land

MILJØMARKERING: Chris Packham leia markeringa utanfor Buckingham Palace i London berre timar etter at han blei vekt av at nokon tende fyr på ein bil utanfor huset hans.

Foto: Adrian Dennis / AFP

Drapstrua tidlegare

Under markeringa var det ikkje kjend at Packham berre timar før opplevde at noko sette fyr på ein bil utanfor porten til huset der han bur.

Han har tidlegare fått drapstruslar, seinast i 2019 då han gjekk hardt ut mot jakt på det britane kallar «pest birds», altså kråker, måsar og duer.

– Dersom desse folka er klare til å brenne ned noko, er dei då budde på å skade familien min, spør Packham i videoen han la ut søndag.

Brannen hos Packham og oppropet frå miljørørsla i Storbritannia kjem berre 22 dagar før verdsleiarar skal møtast til det store klimatoppmøtet i Glasgow.

Det er store forventningar til møtet. Blant anna for å få revidert regelverket frå Paris-avtalen.

Porten til Chris Packham etter brannen.

KRAFTIG BRANN: Slik såg porten inn til Packham sin eigedom ut etter brannen.

Foto: Chris Packham / Facebook

SISTE NYTT

Siste nytt