Hopp til innhold

Barnebrud slo alarm - berga av politiet

Ei 15 år gammal indisk jente vart berga av politiet, etter at ho slo alarm og fortalde at ho var i ferd med å bli gifta bort mot sin eigen vilje.

Konferanse om barnebruder.

Det har vore mange internasjonale konferansar om problemet med barnebruder dei siste åra. Her frå ein Unicef-konferanse i Casablanca i Marokko.

Foto: Fadel Senna / AFP

Problemet med barnebruder og barneekteskap er stort i India, sjølv om praksisen er i strid med lova. Minstealderen er 18 år for jenter og 21 år for gutar, men mange stader bryr ikkje folk seg om det.

Årsaka er først og fremst økonomisk. Familiar med dårleg råd let seg freiste med betydelege summar i medgift. Problemet med barnebruder er spesielt stort i den fattige indiske delstaten Karnataka sør i landet.

Ville ikkje gifte seg

Den 15 år gamle jenta frå ein landsby Kalaburagi-distriktet i Karnataka skulle gifte seg med ein 26 år gammal mann frå delstaten Gujarat vest i India. 15-åringen ville ikkje, og ho ringde til politiet medan førebuingane til bryllaupet var i gang.

Politiet opplyser at dei arresterte åtte personar, blant dei den komande ektemannen, då dei rykte ut etter at jenta sjølv slo alarm. Ho ville ikkje gifte seg med 26-åringen, sjølv om det var gjort ein avtale mellom familiane.

Det kan bli betalt opp til 13.000 kroner i medgift for ei jente under 18 år, pluss at familien til brudgomen betalar for bryllaupet.

Det blir fortalt at familiane kjem frå Gujarat, avtalar ekteskap for sonen med ein familie med ei jente i rett alder, og så blir alt ordna i løpet av to dagar. I tilfellet med den 15 år gamle jenta kom ein familie frå Gujarat til landsbyen i Karmataka fredag 16. desember.

Falsk bryllupsblogg var PR-stunt mot barnebryllup

Maja (12) spelte barnebruda Thea

Hadde dårleg tid

Familiane vart samde alt første dagen, og på laurdag 17. desember var førebuingane til bryllaupet alt i gang. Det var då den 15 år gamle jente ringde til politiet, og bryllaupet vart stansa.

Om ho ikkje hadde teke kontakt med politiet ville bryllaupsseremonien ha vorte avslutta søndag 18. desember, og jenta ville ha reist til Gujarat saman med brudgomen og familien hans same dag.

Det er svært vanleg at menn frå Gujarat hentar seg barnebruder frå den langt fattigare delstaten Karnataka. Årsaka skal vere at det er eit stort kvinneunderskot i Gujarat, slik at menn har store problem med å finne seg ei kone.

Løgnen som reddet henne fra barneekteskap

Fire ganger så mange barnebruder etter Syria-krigen

– Fritt fram for barnebruder

Nagasimha G. Rao i organisasjonen Child Right Trust seier at slike saker er klare eksempel på «trafficking fordekt som ekteskap».

- Det nordlege Karnataka har vorte eit område der det er fritt fram å hente barnebruder og ta dei med til andre sdelstatar. Sjølv familiane deira mister kontakten med desse jentene etter ei tid, seier Rao.

Unicef reknar med at 47 prosent av jentene i India gifter seg før dei er 18 år.

india gujarat

SISTE NYTT

Siste nytt