Hopp til innhold

Avtalen som kan snu opp ned på Afrikas økonomi

Verdas største frihandelssone, AfCFTA, kan snart bli ein realitet. 18 afrikanske land har forplikta seg til avtalen som kan gjere handel mellom landa enklare.

ICOAST-AGRICULTURE-ECONOMY-SOCIAL-INDUSTRY-RUBBER

Ein tilsett ved ein fabrikk i Elfenbeinskysten der gummi vert prosessert. Elfenbeinskysten er eit av landa som har ratifisert den nye afrikanske handelsavtalen.

Foto: SIA KAMBOU / AFP

Det var mange spente leiarar til stades i Rwandas hovudstad Kigali i mars i fjor. Då vart African Continental Free Trade Agreement (AfCFTA) signert. 44 av dei 55 medlemslanda i Den afrikanske union signerte avtalen.

Men avtalen vert ikkje sett ut i live før 22 land har vedteke den i landets parlament, og så langt er det 18 land som har gjort dette. Sistemann på lista er den store økonomien Etiopia, som ratifiserte avtalen i helga.

– Avtalen samsvarer med statsminister Ahmed Abiy sin visjon om å skape ein full regional integrasjon – der folk sine sinn er opne for idear og marknader er opne for handel, står det i eit skriv frå den etiopiske statsministeren sitt kontor.

Håper på snarleg start

Nyheitene frå Etiopia har fått mange til å tru at avtalen kan sjå dagens lys allereie neste veke når statsleiarar frå heile Afrika møtest i Addis Abeba til Den afrikanske union (AU) sitt årlege toppmøte.

Mange meiner avtalen kan føre til auka handel, fleire jobbar og ein styrka afrikansk økonomi. Andre er meir skeptiske til kva effektar avtalen kan få.

Avtalen har som mål å gjere det enklare å handel på tvers av landegrensene til landa som er med på avtalen. Nokre hinder vil bli fjerna, slik som ein del tollavgifter, og det vil bli fri tilgang til store mengder råvarer, produkt og tenester på tvers av det afrikanske kontinentet.

I tillegg er målet å utvikle eit felles rammeverk for handel, slik ein kjenner det frå EU, og på den måten er tanken at konkurransen skal skje på mest mogleg like vilkår.

RELIGION-RAMADAN/

Al Ataba er ein populær marknad i Egypts hovudstad Kairo. Slike marknader er det mange av over heile Afrika.

Foto: MOHAMED ABD EL GHANY / Reuters

Potensielle positive effektar

Dei som heier på avtalen meiner avtalen kan føre til:

  • Meir handel, fleire investeringar og større økonomisk differensiering.
  • Fleire snakkar varmt om fleire arbeidsplassar, og ein meir profesjonalisert industri.
  • Industri- og jordbrukseksporten frå Afrika vil auke betrakteleg, meiner leiaren i AU.
  • Avtalen vil gje afrikanske land enklare tilgang til å kjøpe råvarer som finst i andre afrikanske land.
  • FNs økonomiske kommisjon for Afrika (ECA) meiner handelen mellom afrikanske land kan auke med 52 prosent innan 2022 med denne avtalen.
  • – Det er ei aukande bølgje av proteksjonisme og anti-globalisering i verda. Sjølv om ikkje Afrika står i sentrum av dette, så vil me ikkje vere urørte av dette, sa leiar for ECA, Vera Songwe, då avtalen vart signert i fjor.

Ikkje alle er positive

Men det finst også dei som ser ein del minus med ein AfCFTA. Mellom anna har ikkje Afrikas største økonomi, den nigerianske, slutta seg til avtalen. Der går debatten om kva avtalen kan føre til for det store landet som både kan ha mykje å tene og tape på ein avtale.

Den nasjonale foreininga for industriselskap er skeptiske til å signere avtalen før ein har kartlagt verknadane av avtalen. Men Nigeria har ikkje lagt AfCFTA bort, og det kan ende med at også Afrikas største økonomi melder seg på.

Også i Botswana, som ifølgje FN er det mest utvikla landet i Afrika sør for Sahara, har dei vore tilbakehaldne, men melder no at dei vil signere avtalen under AU-toppmøtet denne månaden.

Nokre av innvendingane mot avtalen har vore:

  • Frykt for at friare flyt av arbeidskraft på tvers av land kan føre til sosial dumping i form av låge lønningar, færre fagorganiserte og dårlege arbeidsvilkår.
  • Dei mange afrikanske småbøndene som sel varene på den lokale marknaden kan bli utkonkurrert av meir effektiviserte multinasjonale selskap.
  • Dei landa som har ein økonomi som er basert på jordbruk, fiske og råvareutvinning vil kunne tape på frihandel, medan dei landa som er gode på å foredle desse varene kan gå sigrande ut
  • Auka konkurranse på tvers av landegrenser kan gjere det vanskeleg for bedrifter i land kor dei økonomiske føresetnadane er dårleg. Med andre ord kan den eksisterande økonomien i enkelte land få hardare kår enn i andre land med ein ny avtale.
BENIN-NIGERIA-COMMERCE-ECONOMY-CRISIS-CUSTOMS

Tekstil er ein vare Afrika er kjend for, og mykje vert frakta på tvers av landegrenser. Her frå Seme-Podji-marknaden på grensa mellom Benin og Nigeria.

Foto: YANICK FOLLY / Afp

Kan bane veg for EU-samarbeid

EU og AU har tidlegare snakka saman om eit større handelssamarbeid, noko som vil bli både enklare å få til og meir aktuelt om Afrika har ein felles indre marknad slik som EU har.

– Me har på ein måte bladd om til ei ny side, der me har endra vårt forhold frå å vere donor og mottakar, der det tradisjonelt har handla om bistand og humanitær hjelp, til eit partnarskap som først og fremst handlar om politisk partnarskap, har EUs sjef for utanrikssaker, Federica Mogherini, sagt.

SISTE NYTT

Siste nytt