Hopp til innhold

Ebola drep økonomien i Vest-Afrika

Det er ikkje berre menneskeliv som er truga av ebolaviruset, også økonomien i dei råka landa har fått seg ein solid trykk dei siste vekene. I Sierra Leone har prisnivået gått ned heile 30 prosent.

Liberia Ebola

Økonomien i Sierra Leone, Guinea og her, i Liberia, er truga av etterverknadane etter Ebolaviruset. No vurderer styresmaktene å forby opne marknader, slik som her i hovudstaden Monrovia.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

SLEONE-HEALTH-EBOLA-WAFRICA

Her i Sierra Leone er matprisane gått kraftig opp, og økonomien har ein deflasjon på 30 prosent.

Foto: CARL DE SOUZA / Afp

Liberia Ebola

I slummen West Point i Monrovia, Liberia er det sett opp sperringar til områder kor ein er redd for at ebolaviruset herjar. Her er det ein tilsett i ein hjelpeorganisasjon som kastar inn vatn til nokre av dei som er innestengde.

Foto: Abbas Dulleh / Ap

– Økonomien har opplevd ein nedgang på 30 prosent på grunn av ebola, seier Sierra Leone sin jordbruksminister til BBC.

Landet er allereie eit av verdas fattigaste, og det dødelege ebolaviruset har gjort situasjonen endå verre. Ein tredjedel av folket i Sierra Leone er jordbrukarar, og epidemien har vore eit særskild hardt slag for denne sektoren.

Landet har dei siste åra opplevd ein stor økonomisk vekst, i likskap med mange andre afrikanske land, og i år var det venta at økonomien skulle vekse heile 14 prosent.

Kan bli stor matmangel

Også i nabolanda Guinea og Liberia var det planlagt store investeringar som skulle gi økonomien eit løft, men epidemien har no bremsa produksjonen i landet, og fly er kansellerte i stort monn. Ebola trugar ikkje lengre berre dei som er i nærleiken av dei smitta, den trugar næringslivet i fleire land.

I Liberia er det forbode med å arrangere arrangement som fører til at mange menneske er på same stad, og det vert også vurdert også å forby alle marknader så lenge epidemien herjar. Slike handlingar vil kunne føre til at matprisane går ytterlegare opp.

I fleire av landa er det sette ned vegsperringar og andre typar hindre for å stoppe folk i å spreie sjukdommen. Dette har igjen skapt hindre for mellom anna jordbruksnæringa, og etterverknadane kan vere langvarige og katastrofale.

– Me er no på veg inn i såsesongen, noko som betyr at mykje jordbruk no vert hindra og ikkje skjer. Dette vil igjen bety mindre mat og høgare prisar. Me startar å sjå høgare inflasjon, og press på den nasjonale mynteininga, i tillegg til mangel på utanlandsk valuta, seier David McLachlan-Karr, som jobbar for FN sitt utviklingsprogram, UNDP.

HEALTH-EBOLA/LIBERIA-PROTESTS Liberian security forces stand in front of protesters after clashes at West Point neighbourhood in Monrovia

Tryggingsstyrker prøver å halde kontroll på ein demonstrasjon i slummen West Point i Liberias hovudstad Monrovia.

Foto: STRINGER / Reuters

Ber om 430 millionar dollar

Verdas matvareprogram ber no om 430 millionar dollar for å kunne gjennomføre kriseoperasjonar i dei tre hardast råka landa, Sierra Leone, Liberia og Guinea.

Også gruveindustrien har blitt hardt råka av epidemien, og fleire utanlandske tilsette i næringa er no sende ut av landet i frykt for ebola. I tillegg har fleire servicenæringar stengt sine filialar, fleire naboland har stengt grensene inn til dei tre landa og turistindustrien er ikkje-eksisterande.

Ebola har så langt tatt livet av minst 1.400 menneske, og den er framleis ikkje under kontroll. Etterverknadane kan derimot bli mykje verre i dei tre vestafrikanske landa, der to av dei har opplevd blodige borgarkrigar i nær fortid og det siste, Guinea, har slite med politisk uro og storstilt narkotikatrafikk i fleire år.

SierraLeone, Liberia, Guinea

SISTE NYTT

Siste nytt