Hopp til innhold

Trur på handelboost i Afrika med ny avtale

26 land og 625 millionar menneske er omfatta av Afrikas ferske frihandelsavtale som vart signert i dag. Analytikarar meiner avtalen kan gjere mykje bra for afrikansk handel.

IVORY COAST-AFRICA-ECONOMY-TELECOM IVORY COAST-AFRICA-ECONOMY-TELECOM

Nokre unge menn kikkar på mobiltelefonane som er til sals i Abidjan.

Foto: ISSOUF SANOGO / AFP

Afrika er eit kontinent som år etter år melder om stor prosentvis vekst i sine økonomiar, og også kontinentets handel og næringsverksemd er i vekst. Men likevel står Afrika for berre to prosent av den globale handelen.

NIGERIA-FINANCE-BANKING-STOCK-EXCHANGE NIGERIA-FINANCE-BANKING-STOCK-EXCHANGE

På børsen i Nigeria er det full aktivitet. Handelen i Afrika er i vekst.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / AFP

Ekstra boost i økonomien

Den nye frihandelsavtalen som har fått akronymet TFTA og som vart signert i den egyptiske feriebyen Sharm el Sheikh i dag, kan bidra til at Afrika får ein ekstra boost i sin handel i åra som kjem.

Dei 26 landa som avtalen omfatter har ein samla økonomi på 885 milliardar euro, eller 7,744 milliardar kroner, om du vil.

Økonomiske analytikarar og businesstoppar verda rundt har ønska avtalen velkomen, og meiner det vil bidra til meir handel mellom landa på kontinentet. I dag føregår berre 12 prosent av Afrikas handel mellom afrikanske land.

WTO-TRADE-TALKS-AFRICA-KENYA-FILES

På ein marknad i Nairobi vert tomatar selt. No kan ein ny handelsavtale gjere det enklare å eksportere tomatane ut av landet.

Foto: SIMON MAINA / AFP

– Det me gjer i dag representerer eit særs viktig skritt for den historiske regionale integrasjonen i Afrika, sa Egypts president Abdel Fattah al-Sisi ifølge nyheitsbyrået AFP då han opna toppmøtet som starta tidlegare denne veka.

Framleis nokre hinder

Det har teke fem år å forhandle fram avtalen som omfattar tre regionale økonomiske samarbeidsorganisasjonar og 26 land i Afrika.

Ein stor del av avtalen er eit rammeverk som legg til rette for at dei 26 landa kan gje kvarandre tollfordelar som vil gjere flyten av varer mellom landa enklare.

Men før avtalen trør i kraft, så er det nokre hinder som må forserast.

Det må nemleg lagast ein framdriftsplan for når dei ulike tollbarrierane skal fjernast, og alle dei 26 landa må ratifisere avtalen i sine respektive nasjonalforsamlingar innan to år.

MOZAMBIQUE-FOOD-HEALTH-SAFRICA-OFFBEAT-BANANAS-FILES -

I Bujumbura i Burundi syklar ein mann rundt med bananar frå Mosambik. No kan bananhandelen mellom dei to landa bli enklare å gjennomføre.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp

– Afrika klare for business

Til stades på signeringsseremonien var også presidenten i Verdsbanken, Jim Yong Kim, som meiner avtalen vil bidra til enorm framgang og få eit heilt kontinent til å bevege seg framover.

– Afrika har gjort det klart at dei er klare for business, sa Kim.

Landa som er omfatta av avtalen tilhøyrar tre regionale samarbeidsorganisasjonar, og strekk seg frå Egypt i nord til Sør-Afrika i sør. Store deler av Sentral- og Vest-Afrika er derimot ikkje ein del av avtalen.

Nokre av landa som har signert avtalen har vore urolege for at det skal bli vanskeleg å løyse eventuelle disputtar og usemje som oppstår som følger av avtalen, i tillegg til at dei er urolege for at avtalen kan råke mindre bedrifter.

Grønnsakshandlere Nairobi - Kenya

På marknaden i Nairobi kan du handle det meste du treng. Kenya er eit sentralt land i den nye TFTA-avtalen.

Foto: ANTONY NJUGUNA / REUTERS

Egypt trur på milliardhandel

Men hovudmålet med avtalen er å få på plass avtaler som vil gjere handel mellom afrikanske land langt enklare enn i dag.

– Det ultimate målet er å sikre enkel transportering av varer i desse landa, utan avgifter, seier Peter Kiguta, som er leiaren for den austafrikanske samarbeidsorganisasjonen East African Community, til AFP.

Egypts industri- og handelsminister sa under møtet at dei ventar å eksportere varer til ein verdi av fem milliardar dollar til andre TFTA-land dei neste fem åra. Med andre ord vil fri flyt av varer ha mykje å seie for Egypt, og sannsynlegvis også dei 25 andre afrikanske landa som er med i TFTA-samarbeidet.

SISTE NYTT

Siste nytt