Hopp til innhold

Avhoppar kan ha tipsa om bomber

Ein Al Qaida-medlem som nyleg overgav seg til saudiarabisk politi, kan ha gitt opplysningar som gjorde at to flybomber vart funne før dei vart detonerte.

Mideast Dubai Mail Bombs

Dette er ei av bombene som vart funne sist fredag.

Foto: Dubai Police via Emirates News Agency / Ap

Jabir Jubran al-Fayfi

Jabir Jubran al-Fayfi overgav seg til saudiarabisk politi 15. oktober.

Foto: Interpol / AFP

Det var saudiarabisk etterretning som bad styresmaktene i Storbritannia og Dubai om å leite etter moglege bomber sist torsdag og fredag. To sofistikerte bomber vart funne inne i pakkar som var sende frå Jemen.

Sist månad overgav Jabir Jubran al-Fayfi seg til saudiarabisk politi, etter å ha vore det fleire kjelder kallar ein leiande figur i Al Qaida på den arabiske halvøya, som truleg har hovudsetet sitt i Jemen.

LES OGSÅ: Tyskland stanser alle fly fra Jemen

LES OGSÅ: Dette er truleg bombemannen

Ein dårleg muslim

Fayfi har mange år bak seg i Al Qaida, melder The Telegraph . Han vart rekruttert til Al Qaida på slutten av 1990-talet etter å ha lese ein artikkel som oppmoda muslimar om å ta del i den heilage krigen i Afghanistan.

Han har seinare fortalt at han melde seg fordi han hadde dårleg samvit over at han var ein dårleg muslim. Han brukte narkotika og bad lite, har han sagt.

Han reiste først til Pakistan og så til Afghanistan, der han fekk to vekers våpenopplæring i Al Farouq-leiren. Etter det vart han flytta til Bagram, der han venta på å bli sendt til fronten i kampen mot den såkalla Nordalliansen.

Ibrahim Hassan al-Asiri er bombeekspert i Al Qaida.

Ibrahim Hassan al-Asiri har truleg konstruert bombene som vart funne sist fredag.

Foto: HO / Ap

Etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001 flytta han til Tora Bora-fjella, der Osama bin Laden også heldt til . Seinare flykta han til Pakistan, der han seinare vart pågripen og overlaten til amerikanske styresmakter.

LES OGSÅ: Tror passasjerfly var målet -

LES OGSÅ: Jemen gransker alle pakker

Til Guantanamo

Jabir Jubran al-Fayfi blir send til fangeleiren på Guantanamo Bay, der han tok avstand frå det han hadde vore med på. Han gjorde det klart at han ville reise heim til Saudi-Arabia og ta vare på foreldra sine, og ta opp igjen den gamle jobben sin som drosjesjåfør.

Han vart overført til eit saudiarabisk politisk og åndeleg reahabiliteringssenter, der han skulle «deradikaliserast». Her vart det brukt både religiøse argument og reine pengar for å få deltakarane i programmet til å forkaste islamismen.

Men i staden for å reise heim til foreldra, stakk al-Fayfi til Jemen. Her slo han seg saman med organisasjonen som kallar seg Al Qaida på den arabiske halvøya.

LES OGSÅ: "Bombekvinne" sleppt fri i Jemen

LES OGSÅ: Britane oversåg terrorbombe

Uklar rolle

Det er uklart kva rolle han har hatt i organisasjonen, men fleire kjelder har sagt at han var ein leiande figur.

Så 16. oktober i år tok han kontakt med saudiarabisk politi frå Jemen, og sa at han var klar til å overgi seg.

To veker seinare blir altså to sofistikerte bomber funne på flyplassen i Dubai og på East Midlands-flyplassen i Storbritannia, etter tips frå saudiarabisk etterretning.

Politiet i hovudstaden Saana i Jemen er i høg beredskap.

Politiet i den jemenittiske hovudstaden Sanaa er i høg beredskap.

Foto: Hasan Jamali / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt