Hopp til innhold

Dette er truleg bombemannen

Alle spor i samband med forsøka på å smugle sofistikerte terrorbomber med transportfly til USA før helga, peikar i retning Ibrahim Hassan-al Asiri.

Den saudiarabiske bombemakaren Ibrahim Hassan al-Asiri.

Alle spora etter bombefunna i Dubai og Storbritannia peikar mot 28 år gamle Ibrahim Hassan al-Asiri.

Foto: HO / Reuters

Bombeekspertar på East Midlands flyplass.

Ei av bombene vart funnen om bord i eit fly frå UPS på flyplassen East Midlands i Storbritannia.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Den 28 år gamle saudiarabaren blir rekna som den fremste bombeeksperten i Al Qaida på den arabiske halvøya, som truleg har hovudkvarteret sitt i eit uvegsamt stammeområde i Jemen.

LES OGSÅ: Tror passasjerfly var målet

LES OGSÅ: Britane oversåg terrorbombe

Identiske bomber

Sist fredag vart det funne to nesten heilt identiske bomber i to ulike fly. Ei bombe vart funnen i eit transportfly frå det amerikanske selskapet UPC på flyplassen East Midlands utanfor Nottingham i Storbritannia.

Den andre bomba vart funnen på ein terminal for flyfrakt som tilhøyrer det amerikanske transportselskapet FedEx. Begge bombene hadde eit simkort, slik at dei kunne utløysast ved hjelp av mobiltelefon. Dei inneheldt det ekstremt kraftige sprengstoffet PETN, som også tidlegare er brukt av Al Qaida.

Det skremmande med desse bombene er at dei har gått gjennom normale tryggingskontrollar på fleire flyplassar, og ikkje blitt oppdaga.

LES OGSÅ: Mor og dotter arresterte i Jemen

LES OGSÅ: Jemen etterforskar 26 nye pakkar

Antiterror-rådgjevar John Brennan.

- Alle spor peikar mot same mannen, seier antiterrorrådgjevaren John Brennan.

Foto: JASON REED / Reuters

Begge pakkane vart adresserte til jødiske religiøse institusjonar i Chicago. Ein av dei vart send med vanleg rutefly frå Saana i Jemen til Dubai, der det skulle vidare med eit transportfly frå FedEx.

Frå Saudi-Arabia

- Bombene er sette saman av same person, og alle spora peikar på Ibrahim Hassan al-Asiri, seier Barack Obamas antiterror-rådgjevar John Brennan.

- Vi må finne han og sørgje for at han blir stilt til ansvar så fort som mogleg, held han fram.

Det er ikkje så mykje informasjon som er kjent om Ibrahim Hassan al-Asiri, men han er truleg 28 år gammal og fødd og oppvaksen i Saudi-Arabia. Han dukka opp første gong på ei liste over dei mest ettersøkte i heimlandet i fjor.

Faren hans er ein tidlegare soldat i den saudiarabiske hæren, og familien blir omtalt som svært gudfryktig. Famililen budde i den heilage byen Mekka i 2007, då Ibrahim og den yngre broren Abdullah forsvann.

Faren hans sa i eit intervju med den saudiarabiske avisa Saudi Gazette i fjor at Ibrahim Hassan hadde fortalt dei at han oppheldt seg i utlandet. Så hadde ikkje familien høyrt noko meir frå dei før både Ibrahim Hassan og ein yngre bror dukka opp på lista over dei mest ettersøkte i landet.

LES OGSÅ: Bombe skulle utløses med mobiltelefon

Amerikanskfødd imam

USA-fødde Anwar al-Awlaki oppheld seg truleg i Jemen.

Den USA-fødde imamen Anwar al-Awlaki samarbeider tett med bombemannen.

Foto: HO / Afp

Amerikansk etterretning trur Ibrahim Hassan al-Asiri arbeider tett saman med den USA-fødde imamen Anwar al-Awlaki, som er kjend for å oppmode sterkt til angrep mot sitt tidlegare heimland.

Både Awlaki og Asiri er rekna som primærmål for CIA-angrep.

Amerikansk etterretning trur at Ibrahim Hassan al-Asiri sende den fem år yngre broren sin Abdullah på eit sjølvmordsoppdrag for å ta livet av den saudiarabiske etteretningssjefen , prins Mohammed bin Nayef.

Abdullah gøymde 100 gram PETN-sprengstoff i holrom i kroppen då han 29. august i fjor prøvde å ta med seg bin Nayef i døden. Etterretningssjefen kom frå angrepet med mindre skadar, medan veslebror al-Asiri vart drepen.

Abdullah al-Asiri fekk audiens hos etterretningssjefen fordi han sa at han ville overgi seg direkte til prins bin Nayef. Sprengstoffet han hadde i kroppen vart ikkje oppdaga i tryggingskontrollen.

«Underbuksebombaren»

Underbuksebombaren Umar Farouk Abdulmutallab.

Umar Fafrouk Abdulmutallab gøymde sprengstoffet i ei spesialdesigna truse.

Foto: MIKE RIMMER / Afp

Ibrahim Hassan al-Asiri er også sterkt mistenkt for å ha laga bomba som «underbuksebombaren» Umar Farouk Abdulmutallab var utstyrt med då han prøvde å sprengje eit passasjerfly frå Northwest Airlines før landing i Detroit i USA første juledag i fjor.

PETN-sprengstoffet var plassert i ei spesialdesigna underbuksen som den nigerianske studenten hadde på seg. Han prøvde å setje fyr på sprengstoffet like før landing i Detroit, men vart overmanna av medpassasjerar før han greidde å få det til.

Berre bombemannen vart skadd.

SISTE NYTT

Siste nytt