Hopp til innhold

Britane oversåg terrorbombe

Britisk politi avblåste bombealarmen då dei først ikkje fann bomba som var skjult blant gods som eit FedEx-transportfly hadde frakta til flyplassen.

Qatar Airways Airbus A340-600

Eit passasjerfly som tilhøyrer flyselskapet Qatar Airways skal ha flydd frå Jemen til Qatar med ei bombe i lasterommet.

Foto: KARIM JAAFAR / Afp

Amerikanske styresmakter måtte pressa britane til å leita på ny etter ei bombe på flyplassen i Derby, England, skriv VG Nett.

Britisk politi hadde fjerna sperringane på flyplassen og avslutta gjennomsøkinga etter å ha leita etter sprengstoff i seks timar utan å ha funne noko.

Men amerikanske styresmakter skal ha pressa britane til å leita grundigare. På runde nummer to fann polititet ei bombe skjult i ei printerpatron.

– Dei sette opp sperringane att, leita på ny og fann eksplosiv, fortel luftfartssikkerheitskonsulenten Chris Yates tilVG Nett.

Passasjerfly frakta bombe til Dubai

Søndag vart det også kjent at den første av dei to bombene som vart oppdaga på veg til USA med flyfrakt frå Jemen, blei transportert av to passasjerfly før den blei stogga i Dubai.

Den eksplosive innretninga blei frakta med to passasjerfly, truleg av typen Qatar Airbus A320.

Det første passasjerflyet flydde med bomba om bord frå hovudstaden i Jemen, Sana, til Doha i Qatar, opplyser flyselskapet Qatar Airways til BBC.

Derifrå skal bomba ha vorte transportert vidare til Dubai med eit anna passasjerfly, før den blei beslaglagd av politiet.

Skulle til synagogar i USA

Ei anna bombe av same typen vart funne på East Midlands lufthamn i Storbritannia. Begge bombene var gøymde inne i blekkpatroner til skrivarar. Dei skulle med fraktfly til USA, og var adresserte til synagogar i Chicago.

Fram til no har etterforskarane trudd at begge bombene blei transporterte utelukkande med fraktfly.

Bombene blei sende med dei amerikanske fraktselskapa UPS og FedEx. Britiske styresmakter har uttalt at innretninga som vart funne i England truleg var laga for å eksplodera i lufta.

Ibrahim al Asiri

Terroristen Ibrahim al Asiri, opprinneleg frå Saudi Arabia, er mistenkt for å vera hovudmannen bak flybombene som vart oppdaga fredag.

Foto: - / Afp
– Ikkje ansvar

–I ei kunngjering som Qatar Airways har lagt ut på sine nettsider, skriv flyselskapet at «det ikkje er mottakarlandet sitt ansvar å gjennomlysa eller inspisera frakta. Det er det avsendarlandet som er ansvarleg for.»

Bomba inneheldt sprengstoffet PETN som er vanskeleg å påvisa i vanlege sikkerheitskontrollar på flyplassar.

Amerikansk etterretning har peika ut bombemaker Ibrahim al-Asiri som hovudmistenkt for å ha konstruert innretningane som vart funne fredag.

– Svært farleg bombemann

Han skal vera ein av leiarane for terroristnettverket Al Qaida si grein på den arabiske halvøya.

– Han er ein svært farleg person med mykje trening og erfaring frå terroristgrupper. Me må finna og få han stilt for retten så snart som råd, seier den amerikanske antiterrorsjefen, John Brennan til BBC.

SISTE NYTT

Siste nytt