Hopp til innhold

"Bombekvinne" sleppt fri i Jemen

Kvinna som vart fengsla i Jemen, mistenkt for å ha sendt flybomber adresserte til synagogar i USA, er no sett fri.

Jemenittiske studentar protesterer mot fengsling

Jemenittiske studentar protesterte søndag mot fengslinga av den kvinnelege medstudenten Hanan al-Samawi (22). Kvinna vart sett fri søndag kveld.

Foto: STR / Ap

Ifølgje Reuters skal den unge kvinna ha vorte sett fri mot eit krav om at ho møter opp straks ho vert kalla inn til avhøyr.

Ein anonym familiemedlem skal ha stadfesta at kvinna er sett fri.

Den 22 år gamle kvinna vart arrestert saman med mor si laurdag, mistenkt for å ha sendt pakkar med eksplosiv til USA.

– Offer i saka

Det var mobilnummeret kvinna oppgav til fraktselskapet ho leverte pakkane til, som gjorde det mogleg å spore opp identiteten hennar.

Forsvaradvokat Burman fryktar at kvinna, som skal vera ein ingeniørstudent, kan vera eit offer i saka.

Det var også bodskapen til fleire titals studentar ved Sana Universitet som søndag demonstrerte mot fengslinga av medstudenten.

Rasande medstudentar

– Studentunionen meiner jenta er uskuldig og at ho lir urett i denne saka. Me krev at ho vert sett fri, sa president i studentunionen, Ridhwan Massoud til Reuters tidlegare søndag.

Jemenittiske styresmakter har sagt at kvinna er medisinstudent, men studentane ved universitetet opplyser at ho går siste året av ei dataingeniør-utdanning.

Styresmaktene i Jemen har trappa opp beredskapen i hovudstaden Sana etter bombefunna. Søndag hadde sikkerheitspoliti sett opp kontrollpunkt og vegsperringar fleire stader i byen, der køyretøy og sjåførar vart undersøkte.



SISTE NYTT

Siste nytt