Hopp til innhold

Asylsøkjarar kravde å få reise til Malmö

24 asylsøkjarar nekta i går kveld å gå av ein buss som skulle frakte dei til to asylmottak utanfor Sundsvall, fordi dei heller ville til storbyen Malmö.

Klipp fra Dagsrevyen

VIDEO: Nekta å gå av bussen.

Flyktningane kravde togbillettar til Malmö, fordi dei heller ville bu i ein storby. Det svenske migrasjonsverket gav asylsøkjarane valet mellom å godta tilbodet eller klare seg utan hjelp. Då valde åtte av dei å reise til Malmö på eiga hand.

Forhandlingane med asylsøkjarane varte til langt ut på laurdag, men Migrasjonsverket nekta å gå med på krava deira. 24 personar, blant dei fleire born, sov i bussen i natt.

Marlene Westberg i Migrasjonsverket seier at 16 av dei 24 no har sagt seg villige til å reise til mottaket i Sundsvall, medan dei åtte andre har reist av garde med beskjed om at dei må greie seg sjølve.

Asylsøkjarane kravde å få reise anten til Stockholm eller Malmö.

I kveld har bussen køyrt dei resterande asylsøkjarane til eit mottak i Sundsvall, noko dei skal ha vore svært misnøgde med.

Nådde målet om Sverige etter seks timar på motorvegen

Flyktningene splitter Europa - og Tyskland

SISTE NYTT

Siste nytt