– Dei ville anten at vi skulle bli i Danmark eller reise tilbake til Tyskland, seier Ajhab Ahmad til SVT.
- Les også:
Fullstendig utmatta
TRENG HJELP: - Vi anar ikkje kvar vi skal gjere no, seier familiefaren Ajhab Ahmad.
Foto: SVTHan sit utslitne på ein togstasjon i Malmö, og anar ikkje kvar han skal ta vegen.
Ein månad har familien vore på flukt. I Tyrkia vart foten til den eine jenta påkøyrd, noko som har ført til store utfordringar på turen.
– Flukta har vore ekstra tung sidan barna er så små og dei knapt klarer å gå sjølve, seier han.
No håpar dei at nokon vil komme og hjelpe dei vidare,
– Ingen har kunne hjelpe oss med uroa vi har hatt, seier Ahmad.
- Les også:
Rasmussen: Må få til ei ordning
HJELPER IKKJE: Den danske statsministeren Lars Løkke Rasmussen seier dansk politi ikkje vil hjelpe flyktningane over grensa til Sverige, før dei har ein avtale med svenskane om det.
Foto: Sanne Vils Axelsen / ApDen danske statsministeren Lars Løkke Rasmussen sa måndag kveld at han håpa dei flyktningane som ønskjer det, skal kunne få ta seg inn i Sverige.
– Vi håpar at vi kan finne ei løysing slik at dei kan søkje der dei har ein ambition om å komme, seier Rasmussen til dr.dk.
No går det mange syriske flyktningar på motorvegen på veg til svenskegrensa for å søkje om asyl der. Men Dublin-avtalen fører til at dansk politi ikkje kan gje dei løyve til det.
For avtalen seier at det er det første landet flyktningane kjem til dei må registrere seg i.
Danske og svenske myndigheiter prøver no å finne ei løysing på problemet, men innan dei klarer det, kan ikkje politiet i Danmark gjere noko anna enn å fortelje flyktningane at dei må registrere seg der.
- Les også:
75 over grensa måndag
GÅR OG GÅR: Til Sverige og Danmark vert samde om korleis dei skal handtere flyktningstraumen, kan ikkje politiet i Danmark gjere noko anna enn å be flyktningane om å registrere seg der.
Foto: Bax Lindhardt / NTB scanpix– Vi har vore i beredskap i heile natt, men talet vart ikkje så stort som vi trudde, seier informasjonsmedarbeidar Guna Graufelds til SVT.
Dei har ikkje ansvar for å ta Ajhab Ahmad og familien til sitt senter, og dermed anar ikkje familien kva dei skal gjere.
– Vi er ikkje redde lenger. Det er som om vi har klart ein test, seier Ahmed.
Sverige bur seg på å klare å ta imot så mange som 4000 personar i veka. Dei har arbeidd målretta for å vere rusta til ein slik situasjon.
– Vi har hatt verre situasjonar før, seier beredskapsansvarleg Tolle Furegård.
Svenskane meir positive enn før
I DANMARK: Dansk politi ber asylantane om å registrere seg i landet når dei kjem.
Foto: CLAUS HANSEN / AfpSamstundes som flyktningane på motorvegen i Danmark drøymer om Sverige, kom det ei ny undersøking som syner at det svenske folket no er meir positive til flyktningar enn tidlegare.
Det er Sifor som har gjennomført målinga for Svenska Dagbladet, og der seier no 25 prosent, mot 17 prosent tidlegare, at Sverige bør endre asylregelverket slik at dei kan ta imot fleire flyktningar.
- Les også: