Hopp til innhold

Arrestordre på Kaupthing-styreleiar

Interpol har sendt ut arrestordre på den tidlegare styreleiaren i den konkursråka islandske banken Kaupthing.

Tidlegare toppsjef i Kaupthing, Hreidar Már Sigurdsson, blir ført bort av islandsk politi

Tidlegare toppsjef i Kaupthing, Hreidar Már Sigurdsson, er sikta etter at banken kollapsa i 2008. No har Interpol sendt ut arrestordre på den tidlegare styreleiaren også.

Foto: INGOLFUR JULIUSSON / Reuters

49 år gamle Sigurdur Einarsson er ettersøkt for bedrageri og svindel under bankkrisa på Island. Fire tidlegare sjefar i banken er allereie pågripne.

Seint måndag vart tidlegare sjef for innanlandsaktiviteten, Ingolfur Helgason, og tidlegare risikosjef, Stingrimur Karason, gågripne då dei kom tilbake frå Luxembourg, der dei bur.

Dokumentfalsk

Før helga vart Hreidar Már Sigurdsson, som var toppsjef i banken då han gjekk over ende, sikta for bedrageri i samband med bankkollapsen hausten 2008. Han skal ha gjort seg skuldig i dokumentfalsk og brot på aksjelova.

Også direktøren for Luxembourg-filialen til banken, Magnus Gudmundsson, vart teken i forvaring torsdag.

Tre bankar kollapsa

I ein rapport lagt fram i april, fekk ei rekkje tidlegare toppolitikarar og banksjefar krass kritikk for å ha forsømd seg under bankkrisa i 2008.

Dei tre største bankane på Island kollapsa og vart seinare overtekne av den islandske staten.

SISTE NYTT

Siste nytt