Den føderale dommaren Dan Polster meiner at måten dei tre kjedene CVS, Walgreens og Walmart distribuerte dei smertestillande pillene på, førte til store problem i to fylke i delstaten Ohio.
Polster skriv i avgjerda at pengane, rundt 6,3 milliardar kroner, skal brukast til å kjempe mot opioidkrisa, som framleis herjar i lokalsamfunna i fylka Lake og Trumbull.
Ifølgje advokatane i fylka har krisa kosta dei 3,3 milliardar dollar. Lake vil få 306 millionar dollar og Trumbull vil få 344 millionar dollar over ein periode på 15 år.
Polster bestemte at selskapa omgåande må betale nesten 87 millionar dollar. Pengane skal finansiere dei to første åra av ein plan for å få slutt på opioidproblema.
Varslar anke
CVS, Walmart og Walgreens seier dei vil anke avgjerda. Det er uklart om selskapa må betale noko medan ankeprosessen går føre seg.
Advokatane til dei tre apotekkjedene hevdar dei har hatt retningslinjer for å bremse sal av piller då farmasøytar sa frå om uregelmessigheiter og at dei varsla styresmaktene om mistenkjelege bestillingar frå legar.
Dei hevdar også at det var legane som kontrollerte kor mange piller som vart skrivne ut for legitime medisinske behov.
400 piller per innbyggjar
Det vart skrive ut reseptar for rundt 80 millionar smertestillande piller i Trumbull fylke i åra frå 2012 til 2016. Det svarer til 400 piller per innbyggjar.
I Lake fylke vart det skrive ut rundt 61 millionar piller i den same perioden. Særleg er det snakk om smertestillande piller av typen hydrokodon og oksykodon.
Det er den første gongen apotekkjeder i landet har prøvd å forsvare seg i eit søksmål om krisa, som har ført til ein halv million dødsfall i USA dei siste to tiåra.
Det går føre seg mange fleire liknande søksmål der lokale styresmakter rundt om i USA prøver å halde apotekkjedene ansvarlege for rolla dei har spelt i opioidkrisa.
Ifølgje BBC er det levert inn over 3000 slike søksmål mot produsentar av opioid-medisin og apoteka.
I USA er nær ein halv million dødsfall kopla til overdosar av slike smertestillande piller dei siste 20 åra.
Også i Noreg
Her i landet kan mellom 5000 og 10.000 menneske vere avhengige av, eller i ferd med å utvikle ein avhengigheit til sterke smertemedisinar.
Tal frå reseptregisteret viser at det i 2004 var 4380 personar som fekk fentanyl utlevert frå apotek i 2004. I 2020 var talet 7961.
Mange smertestillande medisinar finn vegen til den illegale marknaden.
I 2020 var det 324 menneske som døydde av overdosar i Noreg. Syntetiske opioid som fentanyl var den tredje hyppigaste årsaka til overdosedødsfalla. 15 prosent av dei som døydde av overdose i 2020, døydde på grunn av overdose av syntetiske opioid.