Dette stoffet fryktar politiet mest – Jens døydde av ufrivillig overdose

Nokre få støvkorn kan bety døden. Familien til Jens Lunde Tusvik håpar historia om han kan redda liv.

Jens Lunde Tusvik saman med foreldra Stein Thomas og Gyril.

Jens Lunde Tusvik var ein av 324 som døydde av overdose i fjor. Foreldra Gyril og Stein Thomas har valt å vera opne om historia om han.

Foto: Privat

I fjor mista Gyril og Stein Thomas Tusvik sin då 21 år gamle son Jens Lunde Tusvik. Han døydde av ein overdose.

I NRK-serien «Rus» møter Leo Ajkic menneske som er råka av rus på ulike måtar. Familien Tusvik er av dei menneska.

Jens Lunde Tusvik

Jens Lunde Tusvik blir av vener og familie beskrive som ein aktivt og omtenksam person.

Foto: Privat

Jens var ein fin og sporty fyr som tok ei pille han ikkje burde. Han blei ein av 324 som døydde av overdose i fjor.

– Vi får aldri svar. Men det vi veit, er at Jens døydde av fentanyl, og at det gjekk fort, fortel Gyril i intervjuet i samband med innspelinga av serien.

– Det vi trur, og også vennene hans trur, er at han har tatt Rivortril, som kan ha vore pensla med fentanyl, legg ho til.

Jens var en fin og sporty fyr som tok en pille han ikke burde. Hans historie kan kanskje en dag redde livet til en du er glad i. Eller deg.

I andre episode av serien «Rus» møter Leo Ajkic foreldra til Jens som døydde av overdose.

– Det vi fryktar aller mest

Fentanyl er eit sterktverkande, syntetisk opioid. Det kan vera livsfarleg. Tre milligram drep deg. Også mindre dosar kan vera dødelege. Og du kan få det i piller som ser heilt ufarlege ut.

Når du kjøper piller ulovleg, kan du aldri vera 100 prosent sikker på kva dei inneheld.

– Dette er det vi i politiet fryktar aller mest: fentanyl, seier Pernille Hovde Vollsund i Kripos då Leo Ajkic vitjar rommet der dei oppbevarer beslaglagde stoff.

Leo Ajkic saman med Pernille Hovde Vollsund i Kripos.

Leo Ajkic får sjå kor lite fentanyl som kan vera ein dødeleg dose. Her saman med Pernille Hovde Vollsund i Kripos.

Foto: NRK/Pandore

Elisabeth Drange er senioringeniør ved seksjon for narkotikaanalyse i Kripos. Ho opplyser at det ikkje har vore ei stor bølgje av fentanyl i Noreg, slik som ein har sett i USA knytt til opioidbølgja dei har hatt.

– Av dei vi har undersøkt, har vi ca. ti beslag i året. Så det er ikkje så mange, seier ho.

Men sjølv om beslaga ikkje er mange, gjer ikkje det politiet mindre uroa.

– Vi ser at ein del av dei beslaga vi har hatt til analyse er i samband med overdosedødsfall. Det er urovekkjande, seier Drange. Ho opplyser at det først og fremst er medisinsk fentanyl som politiet har beslaglagt dei siste åra.

kripos

Her jobbar seniorinspektør Elisabeth Drange og seksjonssjef for narkotikaanalyse, Kari Solvik, på laboratoriet til Kripos.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

324 overdosar

I 2020 var det 324 personar som døydde av overdosar. Dette var det høgste talet på overdosar sidan 2001.

Syntetiske opioid som fentanyl var den tredje hyppigaste årsaka til overdosedødsfalla i 2020. 15 prosent av dei som døydde av overdose i 2020, døydde på grunn av overdose av syntetiske opioid.

– Men denne kategorien inkluderer fleire medikament og rusmiddel enn berre fentanyl, forklarar rusforskar Thomas Clausen.

Rusforsker Thomas Clausen

Professor og senterleiar ved Senter for rus- og avhengigheitsforsking (SERAF), Thomas Clausen.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Han forklarer at når ein snakkar om fentanyl og overdosar kan vera to forskjellige ting. For det første kan det vera legemiddelet fentanyl. Det blir brukt som smertestillande i til dømes akutt smertebehandling på sjukehus. For andre kan det vera ulovleg produsert fentanyl.

– Når det gjeld medisinsk fentanyl, er det noko ein kan få på sjukehus, eventuelt også på resept. Det har vore aukande bruk av dette legemiddelet i sjukehus dei siste åra, seier han.

Tal frå reseptregisteret viser at det i 2004 var 4380 personar som fekk fentanyl utlevert frå apotek i 2004. I 2020 var talet 7961.

Håpar å hjelpa andre

Favorittsongen til Jens var «Rocket Man» av Elton John. Ein song om å mista kontrollen og driva langt bort frå dei ein er glad i.

No har vener og familie starta ein organisasjon kalla opp etter favorittlåten til Jens.

Jens Lunde Tusvik saman med familien

Jens Lunde Tusvik saman med familien.

Foto: Privat

Gyril og Stein Thomas Tusvik har valt å vera opne om kva som skjedde med sonen. Og dei trur det er mange som opplever noko av det same som dei har opplevd.

– Det er jo kanskje grunnen til at vi vel å dela den historia her no, sjølv om det kostar oss mykje, seier Gyril.

– Og kunne bruka det til noko som kan hjelpa andre, seier Stein Thomas.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger