Hopp til innhold

Forskarar fryktar ein opioidepidemi i Noreg

I dag er over 60.000 nordmenn langvarige brukarar av opioid. Dagfinn Glad var avhengig av det veldig vanedannande stoffet i fire år. No slår forskarar alarm om bruken i Noreg.

Dagfinn Glad

Dagfinn Glad trur han hadde vore sprøytenarkoman i dag om han ikkje hadde fått hjelp til å slutta med opioida. Stoffet skulle lindra smertene etter ein ryggskade.

Foto: Privat

– Eg kalla meg sjølv reseptnarkoman, fordi det var det eg følte at eg var.

I fire år var Dagfinn Glad (55) avhengig av opioid. Glad fekk stoffet med morfinliknande effekt for å lindra smertene etter ein ryggskade i 2005.

– Det tok omtrent eitt år før kroppen var så avhengig at eg heile tida måtte gå til legen og seia: Eg må auka dosen, for eg har meir smerter, seier Glad.

Dagfinn Glad

Dagfinn Glad ramla på glatta i 2005. Det var starten på smertehelvete og kvardagen med smertestillande medisinar. Dette biletet er teke i 2007.

Foto: Privat

Tre teikn uroar forskarane

Ordet opioid stammar frå ordet opium. Opium er namnet på den mjølkekvite plantesafta som kjem ut når ein skjer snitt i ein moden opiumsvalmue. Opioid er altså stoff som liknar opium og blir brukte som smertestillande legemiddel, eller som rusmiddel.

– Det gode ved det heile er at totalbruken av midla ikkje har auka i Noreg, seier Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket.

– Bruken var faktisk høgare for nokre få år sidan enn det var i 2020. Tototalt sett så har vi altså ikkje fått ein auke i bruken, men vi har fått ei forskuving mellom forskjellige legemiddel, legg Madsen til.

Brukarar av opioid per år.

Oversikt over tal på brukarar av opioid per år. I 2020 fekk over 550.000 nordmenn utlevert minst eitt opioid frå apotek, men det er ikkje dette talet som gjev forskarane størst bekymring.

Grafikk: SERAF og FHI

I 2020 var det over ein halv million nordmenn som fekk henta minst eitt opioid på apotek. Som Madsen peiker på har den totale bruken vore relativ stabil over ein periode. Det er altså ikkje dette talet forskarane er uroa over.

Svetlana Skurtveit, forskar ved Folkehelseinstituttet og professor ved Senter for rus- og avhengigheitsforsking på Universitetet i Oslo, leier prosjektet «Hvordan unngå en opioidepidemi Norge: Fokus på behandling av kroniske smerter».

Opioid fungerer godt på akutte smerter, men effekten er tvilsam når ein bruker opioid over lang tid. Samstundes er alternativa få for langvarige smertepasientar.

– Målet med prosjektet er å optimalisera behandlinga av pasientar med kroniske smerter, og minimera risiko knytt til behandlinga, seier Skurtveit.

Svetlana Skurtveit

Svetlana Skurtveit seier at det er fleire urovekkjande teikn knytt til opioidbruken i Noreg også.

Foto: Privat

Dei har nyleg fått finansiering av Noregs forskingsråd. Prosjektet startar offisielt i juni, men forskarane har allereie byrja å samla inn data knytt til opioidbruken i Noreg. Dei ser fleire urovekkjande teikn.

– Det er særleg tre forhold eg vil trekkja fram, seier Skurtveit og peiker på:

  1. Ein auke i bruken av det sterke opioidet oksykodon.
  2. Ein auke i talet på langvarige smertepasientar som blir behandla med opioid på blå resept.
  3. Ein auke i talet på overdosedødsfall som er skulda av føreskrivne opioid, og ikkje heroin.

Aukande bruk av «oksykodon»

I USA føregår det ein opioidepidemi.

Ein omfattande og ukontrollert bruk av opioid har ført til at ein stor del av befolkinga har blitt avhengige, med tragiske konsekvensar som misbruk, overdosar og dødsfall.

Opioid

I USA dreiv produsentane ein svært aggresiv marknadsføring av oksykodon. Bodskapen var at dei trygt kunne føreskrivast, utan risiko for utvikling av avhengigheit. Det viste seg å ikkje vera riktig.

Foto: Patrick Semansky / AP

Oksykodon, eit opioid med kraftig effekt, var sentralt i utviklinga av opioidepidemien i USA.

I Noreg observerer forskarane ein auke i talet på brukarar av oksykodonpreparat.

– I 2020 var det over 60.000 pasientar som fekk utlevert oksykodonpreparat på resept, seier Skurtveit.

Pasientar som har fått utlevert oksykodon på apotek.

Talet på pasientar som har fått utlevert oksykodon på resept. Oksykodon var sentralt av utviklinga av opioidepidemien i USA.

Grafikk: SERAF og FHI

Talet på langvarige brukarar aukar

I 2008 innførte Helsedepartementet ei endring i blåreseptordninga som gjorde at spesialistar kunne føreskriva opioid til langvarige smertepasientar. I 2016 endra departementet blåreseptordninga igjen. Då kunne òg fastlegane føreskriva opioida.

– Kva har de sett etter denne endringa?

– Vi har sett ein auke i talet på pasientar som får føreskrive opioid på blå resept. Vi er uroa for at langvarig bruk kan føra til at fleire får problem med avhengigheit, seier Skurtveit.

I 2009 fekk ca. 5500 personar opioid på blå resept for langvarige smerter. I dag er det i overkant 18.000 personar.

Talet på pasientar som får opioid på blå resept.

Talet på pasientar som får opioid på blå resept. Auken var markant mellom 2016 og 2017. Truleg fordi fastlegane då kunne byrja å føreskriva opioid.

Grafikk: SERAF og FHI

Svetlana Skurtveit seier at talet på langvarige brukarar også er aukande. Dei ti siste åra ser dei ein auke på 10.000 personar.

– Kor mange er langvarige brukarar i dag?

– Med vår definisjon er det ca. 60.000 pasientar. Det vil seia at dei bruker opioid dagleg og i minst eit halvt år, presiserer Skurtveit.

Vil revidera retningslinjene

Anne Grethe Erlandsen, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet seier at endringa i 2008 blei gjort for å betra forholda for pasientar med kroniske, sterke smerter. Dei skulle få refusjon for legemiddel på lik linje med andre pasientgrupper.

Anne Grethe Erlandsen

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen, seier at det er sett i gang eit arbeid med å revidera retningslinjene om opioid.

Foto: GURO LANGEHAUG GRØNN / NRK

– Omlegginga til at fastlegen til pasienten skal søkja med bruk av låge dosar, er i tråd med dei faglege anbefalingane som Helsedirektoratet kom med i sine retningslinjer i 2014, fortel statssekretæren vidare.

Ho legg til at det er sett i gang eit arbeid med å revidera desse retningslinjene.

– Direktoratet vil då også sjå på om det skal gjerast endringar i vilkåra for refusjon, seier Erlandsen.

Håpar historia kan vera til hjelp

Dagfinn Glad trur han sannsynlegvis hadde vore sprøytenarkoman i dag om han ikkje hadde fått hjelp til å slutta med opioida.

– Eg klarte ikkje å slutta sjølv. Eg måtte gi meg fordi at kroppen blei så sliten. Det var så ubehageleg å vondt å halda på slik, seier han.

Dagfinn Glad

Dagfinn Glad har slutta å gå fast på opioid. Han fekk til slutt operert inn ein «kontrollboks» som held smertene i sjakk.

Foto: Privat

– Då var det veldig lett å førestilla seg det å vera narkotikaavhengig då, og ikkje få den daglege dosen, legg han til.

Dagfinn Glad har valt å vera open om opioidavhengigheita i håp om at informasjonen skal koma ut til folk.

Dagfinn Glad

Dagfinn Glad håpar at historia hans kan bidra til at informasjonen om opioid kjem ut til folk.

Foto: Privat

– Det er det viktigaste av alt. Det sit frykteleg mange i landet vårt og skammar seg over at dei har blitt misbrukarar. Det meiner eg er heilt feil. Dei har ikkje noko å skamma seg over. Det går på informasjon, og det går på det å finna den rette hjelpa, seier han.

AKTUELT NÅ