Hopp til innhold

Amerikanske angrep i Jemen

USA held fram med å svare på houthi-angrep i Raudehavet. Men houthiane nektar å stanse sine angrep før ei våpenkvile i Gaza er på plass.

bilete av Rødehavet tatt med drone

Houthi-bevegelsen ønsker ikkje å stanse sine angrep i Raudehavet. USA har den siste månaden utført fleire motangrep.

Foto: Mahmoud KHALED / AFP

Houthi-bevegelsen, som kontrollerer om lag 30 prosent av Jemen, inkludert hovudstaden Sana, har vore klar i sin tale.

Dei kjem til å halde fram med å angripe skip i Raudehavet, heilt fram til det kjem på plass ei våpenkvile på Gazastripa og humanitær støtte får kome inn.

Natt til torsdag skal nok eit handelsskip ha blitt treft av ein rakett fyrt av frå Jemen.

Eksplosjonen skal ha skjedd like etter at houthiane sa at dei hadde skote rakettar mot eit amerikansk skip på veg mot Israel.

Amerikanske styrkar skal ha skote ned ti Houthi-dronar natt til torsdag, ifølge USAs forsvarskommando.

USA skal også ha angripe ein kontrollstasjon på bakken i Jemen.

Menn tråkker på påmalte flagg på bakken. Israelske og amerikanske flagg.

Derfor angrip houthiane skip i Raudehavet

Dronane som blei skotne ned, skal ha blitt sendt i retning av handelsskip og skip frå den amerikanske marinen i Raudehavet.

I tillegg til det skal det amerikanske krigsskipet «USS Carney» ha skote ned ein rakett sendt frå eit Houthi-kontrollert område i Jemen, i tillegg til tre iranske dronar.

Angrepa og spenningane i Raudehavet har eskalert sidan krigen mellom Hamas og Israel braut ut. Houthiane har sagt at dei i hovudsak ønsker å ramme skip på veg mot Israel, eller som har tilknyting til Israel.

Også norskeigde skip har blitt trefte.

Skipet «Strinda», som var på veg til Israel, blei treft av ein rakett i desember. I tillegg blei tankskipet MS «Swan Atlantic» utsett for eit droneangrep. Skipet er eigd av norske Inventor Chemical Tankers.

menn om bord på eit skip. jemenske og palestinske flagg i bakgrunnen

I november kapra houthiane det britiske- og delvis israelskeigde lasteskipet «Galaxy Leader». Dei 25 som var om bord, blei tatt som gissel. Skipet er i dag ein turistattraksjon i Jemen.

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

Shipping gått ned med ein tredel

I frykt for angrep, har fleire reiarlag no lagt om rutene sine, og reiser heller omvegen rundt Afrika. Mellom anna det danske konteinerrederiet «Mærsk».

Det tar betydeleg lenger tid og kostar meir. Særleg varer frå Asia opplever forseinkingar, noko som også rammar norske forbrukarar.

Les også Angrepene i Rødehavet: Mat og klær til Norge blir forsinket

Den Houthi-kontrollerte Rødehavshavnen Hodeidah, Jemen.

Dette har dermed fått store konsekvensar for verdsøkonomien, og ført til handelsforseinkingar.

Konteinershipping i Raudehavet ha falle med nærare ein tredel sidan houthi-angrepa starta, ifølge Det internasjonale pengefondet onsdag.

Dette er grunnen til at USA i desember danna ein såkalla beskyttelseskoalisjon i Raudehavet, men formål om å sikre trygg ferdsel langs den kjende handelsruta.

Stor demonstrasjon. Mange palestinske flagg

Støtten til houthi-angrepa i Raudehavet er stor i Jemen. Folket står med palestinarane i krigen.

Foto: KHALED ABDULLAH / Reuters

Sanksjonar og utvising

Storbritannia, Bahrain, Canada, Frankrike, Italia, Nederland, Seychellene og Spania deltar i operasjonen. Noreg har bidratt med inntil ti stabsoffiserar.

Operasjonen har fått namnet «Prosperity Guardian», velstandsverje på norsk.

USA og Storbritannia gjekk til motangrep mot houthi-militsen for første gong 12. januar, og innført sanksjonar mot houthiane. USA har også sett den Iran-støtta gruppa tilbake att på si terrorliste.

Houthi-bevegelsen har svara med å utvise amerikanske og britiske hjelpearbeidarar frå Jemen, eit land som er heilt avhengig av humanitær støtte.

USA og Storbritannia bekreftar angrep i Jemen Houthi-militsen til NRK: Truer med å angripe norske skip hvis Norge blander seg inn

ucedbcpwF5A

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.