Hopp til innhold
Urix forklarer

Derfor angrip houthiane skip i Raudehavet

Opprørsgruppa grunngir angrepa med palestinsk motstandskamp. Men ifølge ekspertar handlar dette om eigne ambisjonar, internt i Jemen og regionalt.

Menn tråkker på påmalte flagg på bakken. Israelske og amerikanske flagg.

MOTSTANDSKAMP: Houthi-militsen viser at dei kan gjere ideologi om til handling når dei no angrip Israel og skip i Raudehavet.

Foto: Mohamed al-Sayaghi / AFP

Folket i Jemen har fleire gonger sidan 7. oktober gått ut i gatene for å vise si ganske unisone støtte til palestinarane og sin avsky mot Israel.

I dei massive støttemarkeringane blir det vaia med palestinske og jemenittiske flagg. Men det er også eit anna flagg som brer om seg i folkehava.

Eit kvitt flagg med slagordet til Houthi-militsen skriven på arabisk: «Gud er stor. Død over Amerika. Død over Israel. Ei forbanning over jødane. Siger til Islam».

eit stort palestinsk flagg blir båre av menn som demonstrerer. dei bærer også houthi-flagget.

Houthi-militsen er nær alliert med Iran. Slagordet i Houthi-flagget er bygd på mottoet frå den islamske revolusjonen i Iran, «død over USA og død over Israel».

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Den sjiamuslimske opprørsgruppa kontrollerer i dag 30 prosent av Jemen, inkludert hovudstaden Sanaa, og dermed er to tredelar av befolkninga underlagt deira styre.

Eit styre som blir karakterisert som undertrykkande, brutalt, udemokratisk og korrupt.

Men no er slagordet til Houthi-militsen samanfallande med generelle jemenittiske verdiar. Uavhengig av alder og tilhøyrsle, står dei aller fleste ved palestinaranes side i krigen mellom Hamas og Israel.

Palestinsk motstandskamp

Houthi-militsen har sidan 7. oktober utført ei rekke drone- og missilangrep mot skip i Raudehavet og mot Israel. Også to norskeigde skip har blitt trefte i angrepa.

I starten av desember uttalte ein talsperson for houthiane at dei vil angripe alle skip som er på veg mot Israel, uavhengig av nasjonalitet, heilt fram til tilstrekkeleg med mat og medisinar blir sendt til Gaza.

Stig Jarle Hansen, professor ved NMBU og Jemen-ekspert, kallar det eit forsøk på ein blokade av Israel, men at forsøket foreløpig har avgrensa effekt.

Han får støtte frå Thomas Juneau, førsteamanuensis i internasjonale relasjonar ved University of Ottawa og forskar ved Sanaa Center.

Juneau meiner at houthiane ønsker å gi inntrykk av at dei bidrar til den palestinske motstandskampen, utan at dei direkte gjer det.

Ein mann med våpen står ved eit flagg som står stilt opp på nokre steinar. Det er arabisk skrift på flagget.

Houthiane har gradvis tatt kontroll over større område i Jemen sidan 2011. I 2014 tok dei kontroll over hovudstaden, og ein borgarkrig braut ut.

Foto: Mohamed al-Sayaghi / Reuters

Ønske om regional anerkjenning

Kva som er hovudmålet, er ikkje heilt klart. Jemen-ekspert Hansen meiner det er å ramme Israel, medan Juneau trur hovudmålet er regional og internasjonal merksemd, noko dei absolutt har fått til.

I eit fragmentert land utan ei felles leiing, ønsker Houthi-militsen med dette å etablere seg som ein motstandsdyktig og handlekraftig aktør internt i landet, men også elles i regionen.

Sjølv om angrepa ikkje har direkte konsekvensar for Israel og palestinarane i Gaza, påverkar det verdsøkonomien og internasjonal handel.

På grunn av frykt for angrep, vel fleire kommersielle skip no å unngå rutene i Raudehavet og dermed også Suezkanalen, ei av verdas viktigaste handelsruter.

Dette har direkte konsekvensar for verdshandelen.

soldat bakfrå på eit skip. på skipet står det Galaxy Leader.

I november kapra Houthi-soldatar det kommersielle israelske skipet Galaxy Leader i Raudehavet.

Foto: Houthi Military Media / Reuters

No har USA samla ti land og oppretta ein maritim beskyttelsesstyrke i Raudehavet. Formålet er å sikre trygg ferdsel for skip, og Noreg bidrar med ti stabsoffiserar.

Men Houthi-talsperson Mohammed al-Bukhaiti lét seg ikkje skremme:

– Sjølv om Amerika lukkast med å mobilisere heile verda, vil ikkje våre militære operasjonar stoppe, med mindre folkemordet i Gaza stoppar.

Houthiane stod lenge på USA si terrorliste, men blei fjerna frå lista i 2021. Då erklærte president Joe Biden Houthi-militsen som «ein legitim aktør» å forhandle med.

Det internasjonale samfunnet forheldt seg fram til 2022 til den tidlegare Hadi-regjeringa, som er støtta av Saudi-Arabia. Ei regjering som ikkje er sett på som legitim av jemenittane sjølv.

I lys av angrepa, vurderer USA å sette houthiane tilbake att på terrorlista.

Dei vil ikkje stoppe

Det einaste som er sikkert framover, er at Houthi-militsen ikkje lar seg skremme av USAs maritime styrke, og at dei vil halde fram med angrepa i Raudehavet.

Sjansen for at Houthi-angrepa mot Israel vil eskalere i omfang frå Jemen, er minimal, ifølge ekspertane. Landet er 2000 km unna Israel. Det er avgrensa kva dei kan gjere derfrå. Derimot kan angrepa mot skipstrafikken eskalere.

Men kva viss nokon prøvar å stoppe angrepa i Raudehavet?

Viss angrepa vil påverke den internasjonale handelen i eit betydeleg omfang, og USA eller andre land vel å gå til motangrep, er det derimot fare for eskalering, trur ekspertar.

I så fall frå andre territorium, som Hizbollahs basar i Libanon eller frå Iran.

Mohammed Ali al-Houthi held ein tale på ein talarstol med titals mikrofonar på seg.

Houthi-politikar Mohammed Ali al-Houthi seier at dei vil halde fram med å kjempe imot israelsk aggresjon, og at ein USA-leda koalisjon i Raudehavet ikkje påverkar dei.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / AFP

Dei nylege angrepa i Raudehavet blir sett på som eit slag i ansiktet til ikkje berre Vesten og Israel, men også Saudi-Arabia.

Den blodige borgarkrigen i Jemen, der Saudi-Arabia var svært involvert, varte i åtte år, ein krig houthiane i større grad har kome sigrande ut av. Iallfall militært.

Krigen sette Jemen på toppen over verdas største humanitære kriser, ifølge FN, og over 350.000 har mista livet som følge av krigen, anten direkte eller indirekte.

Sjølv om angrepa held fram i Raudehavet, er situasjonen i Jemen fastlåst. Den langvarige og brutale borgarkrigen i landet har ført til at over 80 prosent av folket er avhengig av humanitær hjelp og beskyttelse.

SISTE NYTT

Siste nytt