Hopp til innhold

Noreg sender stabsoffiserar til Raudehavet etter angrep på skip

Angrepa på norskeigde M/V Swan Atlantic og eitt anna skip gjer at fleire stansar skipsfarten i Raudehavet. Noreg sender stabsoffiserar for å bidra i tryggingsarbeidet.

Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap)

SENDAR PERSONELL: Noreg sendar personell til Raudehavet for å bidra i tryggingsarbeidet. Utanriksminister Espen Barth Eide seier angrep er «totalt uakseptabelt».

Foto: Mathias Revheim-Rafaelsen

– Det me veit fyrst og fremst at det er ingen skadde om bord. Det er det viktigaste, seier Øystein Elgan, dagleg leiar i Inventor Chemical Tankers.

Det norskeigde M/V Swan Atlantic, som siglar under flagget til Cayman Islands, vart måndag føremiddag utsett for eit droneangrep sør i Raudehavet.

Houthi-militsen har teke på seg ansvaret for angrepet.

Oljetankeren M/V Swan Atlantic har også gått under navnet Summer Ploeg.

25 personar var om bord på det norskeigde tankskipet som frakta biodiesel i Raudehavet.

Foto: Daniel Antunez/Marine Traffic

Dei hevdar også å stå bak eit anna angrep som skjedde kort tid etterpå, retta mot skipet MCS Clara.

Noreg sender stabsoffiserar

– Me er svært bekymra for utviklinga i Raudehavet, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

– Vilkårlege angrep mot sivil skipsfart er totalt uakseptabelt. Me er i dialog med andre land og har tett kontakt med Noregs Rederiforbund og andre relevante aktørar.

Utenriksminister Espen Barth Eide

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) seier det er totalt uakseptabelt at sivile skip vert utsett for vilkårlege angrep.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

USA bad Noreg nyleg om å bidra i ein internasjonal operasjon for å gjera det tryggare for sivile skip å ferdast i Raudehavet.

Måndag meldar Utanriksdepartementet at Noreg sender inntil 10 stabsoffiserar for å bidra i tryggingsarbeidet i Raudehavet.

Dei skal bidra til Combined Maritime Forces i Raudehavet.

– Me har unik kompetanse innan maritime operasjonar og har erfaring frå tidlegare operasjonar i Raudehavet og Adenbukta. Oppgåva til dei norske stabsoffiserane blir å koordinere og sørgje for trygg passering for sivile fartøy, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram i ei pressemelding.

Skipet Strinda

12. desember vart kjemikalietankaren Strinda, eigd av bergenske J. Ludwig Mowinckels Reiarlag, treft av ein rakett utanfor Jemen.

Foto: AS J. Ludwig Mowinckels Rederi

Rederiforbundet: – Forventar løysingar

Ifølgje Rederiforbundet er det til kvar og ein tid om lag 40 norsktilknytte skip i området.

– Angrepet understrekar det ytterlegare alvoret i situasjonen i Raudehavet, seier Harald Solberg, administrerande direktør i Rederiforbundet.

Harald Solberg - Rederiforbundet

Leiar for Noregs Rederiforbund Harald Solberg seier angrepa understrekar alvoret i situasjonen i Raudehavet.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Han ser føre seg at fleire reiarlag framover vil vurdera alternative ruter nå som situasjonen i Raudehavet er så spent.

Det vil etter all sannsyn forseinka verdas varehandel, ifølgje Solberg.

– Om ein no i praksis ikkje er trygg ved seilas gjennom Raudehavet, vil det ha store konsekvensar for verdas skipsfart, seier Solberg.

Harald Solberg - Rederiforbundet

Harald Solberg følgjer med på angrepa i Raudehavet.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

– Ingen koplingar til Israel

Det er norske Inventor Chemical Tankers som eig tankskipet M/V Swan Atlantic.

Reiarlaget har sitt hovudkontor i Bergen, og er eigd av investeringsselskapet Rieber & Søn AS.

Marine Traffic opplyste derimot på nettsidene sine at skipet er drifta av eit israelsk-tilknytt firma.

Inventor Chemical Tankers

Hovudkontoret til reiarlaget ligg i Bergen.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Men investeringsselskapet nektar for dette og fryktar at «feilopplysinga» er årsaka til at skipet vart angripe.

Houthi-militsen har sidan 7. oktober gått til angrep på sivile og militære skip med tilknytingar til Israel, i solidaritet med Hamas. Houthiane seier at så lenge det ikkje kjem nok naudhjelp inn i Gaza, vil dei nekta tilgangen til israelske hamnar.

– Me ynskjer ikkje ei eskalering. Me håpar at Israel og USA gjev Gaza tilgang til naudhjelp., sa ein talsperson for houthiane til NRK.

Houthiane har gjort det vanskeleg for skipsfarten å halda fram som vanleg i Suez-kanalen og Raudehavet.

Også dagleg leiar for det norske reiarlaget stadfestar at reiarlaget ikkje har tilknytingar til Israel.

– Me har ingen koplingar til Israel. Verken på eigar- eller driftssida. Det var heller ikkje der me var på veg, understrekar Elgan.

Inventor Chemical Tankers

Slik ser det ut utanfor reiarlaget sitt kontor i Bergen.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Skaut mot skip

Det andre skipet, MCS Clara, høyrer til Marine Trade Operations (UKMTO) som er ein del av det britiske forsvarsdepartementet.

På heimesida si skriv UKMTO at det var personar om bord på eit anna fartøy som fyrte av skot mot MCS Clara.

Ingen av dei om bord på MCS Clara er skadde, opplyste UKMTO til Reuters.

Også det norskeigde skipet slapp unna med mindre skadar og ein øydelagd vasstank.

Stansar transport – kan føra til prisauke

Fleire reiarlag og selskap har sett skipsfarten i Raudehavet på vent.

Måndag gjer Oljegiganten BP det same og forklarer det med den forverra tryggleikssituasjonen i området.

Til DN seier også Equinor at dei omdirigerer skipa sine i Raudehavet.

At så mange set transporten på pause, overraskar ikkje Sigvald Sveinbjørnsson, dagleg leiar i Maritime Bergen.

– Eg registrerer at mange store konteinarskip heller vil gå rundt Afrika enn å segla gjennom Suezkanalen, seier Sveinbjørnsson.

Den lange omvegen kan føra med seg konsekvensar for verdsøkonomien. Ole Gunnar Askvik, professor i politisk økonomi, stadfestar at situasjonen i Raudehavet også påverkar oljeprisen.

– Han vert pressa noko opp, men det er ikkje nødvendigvis dramatisk, seier Askvik.

Ikkje fyste gong

M/V Swan er ikkje det fyrste norskeigde skipet som vert utsett for Houthi-åtak. Førre veke vart kjemikalietankaren Strinda treft av rakettar.

Stig Jarle, professor ved NMBU, er ikkje overraska over angrepa.

Han kallar dei for houthiane sitt våpen i krigen mot Israel.

– Houthiane har sagt klart ifrå om at dei kom til å utføra slike operasjonar. Eg har forventa at noko slikt skulle skje, og eg trur det kjem til å verta verre før det vert betre.

SISTE NYTT

Siste nytt