Hopp til innhold

Amerikansk mafiatopp arrestert i samordna aksjon på Sicilia

19 mafiamedlemer er arresterte i ein samordna aksjon mellom FBI i USA og italiensk politi på Sicilia og i New York. Fleire medlemer av Gambino-familien i New York er blant dei gripne.

Thomas Gambino arrestert.

FBI meiner Thomas Gambino er ein sentral leiar i Gambino-familien, ein av dei mest kjende mafiafamiliane i USA. Han vart arrestert i Palermo.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

FBI trekkjer fram særleg Thomas Gambino, som dei meiner er ein av toppane i Gambino-familien i New York. Dei trur han var på Sicilia for å hjelpe til med å byggje opp igjen makta til Inzerillo-klanen i den sicilianske mafiaen Cosa Nostra.

Han var ein av dei arresterte i aksjonen natt til onsdag, der over 200 politifolk deltok.

Renato Cortese.

Renato Cortese, politisjef i Palermo, er godt nøgd med fangsten etter den samordna aksjonen i samarbeid med FBI.

Foto: Andreas Solaro / AFP

Inzerillo-klanen tapte kampen om makta i Cosa Nostra på 1980-talet, då Salvatore «Udyret» Riina tok full kontroll over organisasjonen. Mange i Inzerillo-familien vart drepne i striden mot Riina og resten av Corleone-klanen, medan ein del av dei valde å stikke av til USA.

Tilbake til Sicilia

Det gjaldt blant andre søskenbarna Tommaso og Francesco Inzerillo. Dei reiste tilbake til Sicilia tidleg på 2000-talet, truleg med hjelp nettopp frå den mektige Gambino-familien i New York.

Det var forsmedeleg for den ein gong så mektige Inzerillo-familien i Palermo å miste makta til ein gjeng tidlegare sauetjuvar frå landsbyen Corleone. Leiaren for familien, Salvatore Inzerillo, vart skoten og drepen av Riinas folk i 1981. Det bana vegen til toppen for «Udyret».

Salvatore Gambino arrestert.

Salvatore Gambino vart arrestert i politiaksjonen i Palermo natt til onsdag

Foto: Alessandro Fucarini / AFP
Rosario Gambino arrestert.

Også Rosario Gambino vart arrestert i politiaksjonen i Palermo natt til onsdag.

Foto: Igor Petyx / AP

Corleone vart verdskjend gjennom romanen «Gudfaren» av Mario Puzo og dei tre filmane som er baserte på boka.

Italiensk politi meiner at Inzerillo-klanen lenge har prøvd å ta tilbake makta dei ein gong hadde i Palermo på Sicilia, og dei trur at samarbeidet med Gambino-klanen den siste tida har vore eit forsøk på å reise seg igjen.

Maktvakuum i Cosa Nostra

Med både Salvatore «Udyret» Riina og etterfølgjaren Bernardo «Traktoren» Provenzano borte, begge døydde i fengselet, har det dei siste par åra vore eit maktvakuum i Cosa Nostra. Italiensk politi har arrestert fleire sannsynlege etterfølgjarar, og dei har intensivert jakta på dei som enno er på frifot.

Salvatore Riina (t.v.) og Bernardo Provenzano.

Både Salvatore Riina (t.v.) og etterfølgjaren Bernardo Provenzano døydde på sotteseng i fengselet. Dei lèt etter seg seg eit tomrom på toppen av den sicilianske mafiaen Cosa Nostra.

Foto: Ho / AFP

Det er truleg dette maktvakuumet Inzerillo-familien har hatt ambisjonar om å fylle i samarbeid med Gambino-familien i New York. FBI og det italienske politiet har også gitt den samordna etterforskinga kodenamnet «New Connection» (Ny kontakt).

Politiet har lenge overvaka fleire sentrale aktørar i forsøket på å atterreise Inzerilloane si makt. Dei opplyser at dei blant anna filma Thomas Gambino då han hadde eit hemmeleg møte med leiaren for Inzerillo-familien om bord i ein gummiflåte utanfor kysten av Palermo i fjor sommar

Politiet slår til mot ungdomen i Cosa Nostra

– Framleis taparar

Det var ein godt fornøgd Renato Cortese, politisjef i Palermo, som snakka med journalistar i byen onsdag. Han brukte uttrykket flyktningar om dei frå Inzerillo-familien som reiste til USA under borgarkrigen i Cosa Nostra.

– Dette var taparane som stakk av til USA for å ikkje å bli drepne av Riina og Corleone-gjengen. Vi kan slå fast at dei framleis er taparar, sa han blant anna.

Alle dei arresterte er sikta for medlemskap i mafiaen, alvorleg pengeutpressing og svindel.

Alle dei arresterte er sikta for medlemskap i mafiaen, alvorleg pengeutpressing og svindel.

SISTE NYTT

Siste nytt