Politiet slår til mot ungdomen i Cosa Nostra

Italiensk politi meiner at den sicilianske mafiaorganisasjonen Cosa Nostra er sterkt svekt etter at fleire sentrale, unge klanleiarar er arresterte den siste tida.

Leandro Greco arrestert.

Leandro Greco vart arrestert i Palermo tidlegare denne veka. Han verkar ikkje synleg bekymra over arrestasjonen.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

Tidlegare denne veka vart sju unge menn, som politiet meiner har sentrale leiarroller i organisasjonen, arresterte, blant dei Leandro Greco og Calogero Lo Piccolo. Begge to kjem frå mektige mafiafamiliar i Palermo-området på Sicilia.

Arrestasjonane av dei unge leiarane kjem etter at to høgtståande Cosa Nostra-medlemer nyleg byrja å gi viktig informasjon til politiet om forholda internt i organisasjonen.

Calogero Lo Piccolo arrestert.

Calogero Lo Piccolo vart arrestert tidlegare denne veka. Han er sonen til ein mafiatopp som sit i fengsel på livstid.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

Utan toppsjef

I desember i fjor vart gullsmeden Settimo Mineo arrestert i Palermo. Politiet seier det skjedde like før han skulle veljast til den nye «Capo di tutti Capi», «sjefen over alle sjefar», i Cosa Nostra. Politiet trur organisasjonen har vore utan toppsjef etter at Salvatore «Udyret» Riina døydde i fengselet i 2017.

Den andre store leiaren i organisasjonen, Bernardo «Traktoren» Provenzano, døydde i fengsel året før.

Settimo Mineo arrestert.

Gullsmeden Settimo Mineo vart ifølgje politiet arrestert like før han skulle veljast til ny toppsjef i Cosa Nostra.

Foto: Alessandro Fucarini / AFP

– Dette har ikkje skjedd tidlegare. I løpet av ein månad fekk vi to nye personar som vil vitne mot Cosa Nostra. Dei er ikkje vanlege fotsoldatar, dette er folk høgt oppe i hierarkiet, sa statsadvokaten i Palermo, Francesco Lo Voi, nyleg.

Ei ny leiargruppe

Han seier at dei to informantane har fortalt at organisasjonen har prøvd å stable på beina eit nytt «Cupola» (Kuppel) eller Kommisjon, ei leiargruppe frå alle dei viktigaste Cosa Nostra-familiane. Det er truleg dei same informantane som har gitt informasjon om at gullsmeden Settimo Mineo skulle veljast til ny toppsjef.

Ifølgje informantane har ikkje det vore møte i Kommisjonen på fleire år.

Dei siste arrestasjonane retta seg først og fremst mot det politiet er dei unge leiarane. Leandro Greco er soneson av den legendariske bossen Michele «Paven» Greco, som har vore ein av dei mektigaste i organisasjonen.

Faren til Leandro, Giuseppe, braut tradisjonen og nekta å bli med i familiebedrifta. Han har livnært seg som filmregissør. Leandro har ifølgje avisa Giorrnale di Sicilia gitt beskjed om at han skal kallast Michele, for å vise at han tek over arva etter bestefaren.

Toto Riina (t.v.) og Bernardo Provenzano.

Både Salvatore Riina (t.v.) og Bernardo Provenzano døydde i fengsel. No prøver politiet å stanse den nye generasjon mafialeiarar som skal ta over Cosa Nostra.

Foto: Ho / AFP

«Capo di tutti capi» er død

Cosa Nostra-topp skulle snakke – trekte seg i siste liten

Toto «Udyret» Riina gravlagd i Corleone

Unge menn med makt

Leandro Greco vart familie-overhovud alt som 23-åring, og informantane har karakterisert han som «ein eldre mann i ein ung kropp».

Calogero de Piccolo er sonen til Salvatore «Baronen» de Piccolo, som sonar ein livstidsdom for mafiabrotsverk.

– Dei arresterte kjem frå ein sterk mafiafamilie. Dette er menn med makt, unge menn, og teorien vår om at Cosa Nostra er i gang med ei fornying, basert på gamle tradisjonar, er stadfesta. Men når to sentrale leiarar har brote eiden om ikkje å snakke til politiet, og det så fort, då bør dei forstå. Mafiaen har inga framtid, seier Francesco Lo Voi til nyheitsbyrået AFP.

600 politifolk deltok i samordna antimafia-aksjon i Italia og Tyskland

SISTE NYTT

Siste nytt