NRK Meny
Normal

Amerikansk jihadist drepen i internt oppgjer i Al Shabab

Den amerikanske jihadisten Omar Hammani (29), kjend som Al-Amriki, er drepen i ei skotveksling med tidlegare frendar i den islamistiske terrorgruppa Al Shabab i Somalia.

Omar Hammani, også kjend som Al-Amriki, er død.

Omar Hammani har halde ein høg profil på Internett etter at han gjekk inn i Al Shabab i Somalia.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Omar Hammani er fødd og oppvaksen i den amerikanske delstaten Alabama, men reiste til Somalia som 22-åring i 2006 for å delta i den heilage krigen som islamistgruppa Al Shabab førde i landet. Han fekk raskt tilnamnet Al-Amriki, amerikanaren.

Høg profil på nettet

Al-Shabaab

Krigarar frå Al Shabab i Somalia.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Han har halde ein høg profil, blant anna ved å leggje ut bilete av seg sjølv på ulike nettstader, Twitter og andre. Han har sjølv kalla seg Al Shababs «Poster Boy», altså ein slags frontfigur.

Han er den mest kjende utanlandske jihadisten som opererer i Somalia. Han vart drepen i dag tidleg i landsbyen Baate i det sørlege Somalia saman med to andre. Den eine av dei var britisk statsborgar, Usama al-Britani, seier fleire kjelder, medan andre igjen seier det var ein egyptar eller pakistanar.

Det er uklart kva som eigentleg skjedde i skotvekslinga i dag tidleg, men truleg heldt Al-Amriki og dei to andre seg i skjul i landsbyen. Krigarar frå Al Shabab skal ha gått til angrep på skjulestaden deira.

Drepen i skotveksling

– Det var ei skotveksling mellom Amriki og hans menn og andre krigarar. Det blir fortalt at Amriki er blant dei drepne, seier Moalim Ali, som bur like ved, til nyheitsbyrået AFP.

Fleire jihadistiske nettstader har stadfesta at Omar Hammani, eller Al-Amriki, er drepen.

Omar Hammami (t.h.) og Al Shababs nestleiar Abu Mansur Robow.

Al-Amriki (t.h.) saman med mannen som var rekna som nummer to i Al Shabab, Abu Mansur Robow.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Al Shabab har førebels ikkje kommentert meldingane, men dei har teke på seg ansvaret for eit liknande angrep mot ein tidlegare Shabab-leiar, Ahmed Madobe, som har hatt kommandoen i hamnebyen Kismayo. Madobe skal ha blitt lettare såra i dette angrepet, medan fleire av livvaktene hans vart drepne.

Videoar med rapmusikk

Omar Hammani alias Al-Amriki fekk raskt ei høg stjerne i Al Shabab. Han var aktiv i å rekruttere utlendingar til Shabab ved hjelp av engelskspråklege musikkvideoar, der rap stod sentralt. Seinare kom han på kant med toppleiaren i Al Shabab, Ahmed Abdi Godane.

Seinare har leiinga i den islamistiske terrororganisasjonen skulda Amriki for å vere altfor oppteken av seg sjølv, og at han har sådd splid i organisasjonen.

Al-Amriki på talarstolen ein stad i Somalia.

Omar Hammani rekrutterte mange utlendingar til heilag krig i Somalia.

Foto: MUSTAFA ABDI / Afp

Det amerikanske utanriksdepartementet har sett ein pris på fem millionar dollar, rundt 30 millionar norske kroner, til dei som tok Omar Hammani til fange og overleverte han til amerikanske styresmakter.

LES OGSÅ: Blar opp 150 mill til Somalia

LES OGSÅ: Blodige angrep i Somalia, men det er håp i sikte

Nairobi og Dar es Salaam

Hammani har på si side skulda Godane for å ha svikta den tidlegare leiaren for Al Qaida i det austlege Afrika, Fazul Abdullah Muhammad, noko han meiner skal ha ført til at Fazul vart drepen i Mogadishu i Somalia i 2011.

Fazul er rekna som hovudarkitekten bak bombeangrepa mot dei amerikanske ambassadane i Nairobi og Dar es Salaam i 1998, der fleire hundre menneske vart drepne.

Abdi Aynte, leiar for den somaliske tenkjetanken «Heritage Institute for Policy Studies», seier at dersom det er sant at Al-Amriki er drepen, så har Godane i realiteten vunne maktkampen i Al Shabab.

LES OGSÅ: Al Qaida-sjefen lovar nederlag for Frankrike i Mali

LES OGSÅ: Hevnen rammer i Nairobi

Internasjonale terrorambisjonar

Skiljet internt i organisasjonen skal gå mellom dei som meiner det er viktigast å jage ut alle utanlandske soldatar frå Somalia, og dei som har meir internasjonale jihadistiske ambisjonar. Dei utanlandske soldatane det er snakk om er ein styrke frå Den afrikanske union (AU), som har greidd å fordrive Al Shabab frå hovudstaden Mogadishu.

Ahmed Abdi Godane skal høyre til dei i Shabab med internasjonale terrorambisjonar.

Al Shabab er ikkje lenger så mektig i Somalia som organisasjonen ein gong var, men FNs Monitoring Group meier at dei rundt 5000 mann under våpen, og at organisasjonen er ein sterk trussel mot fred og tryggleik i Somalia.

Organisasjonen har også gjennomført fleire angrep i anbolandet Kenya.

Aomar Hammami på FBIs etterlystliste.

Slik blir Omar Hammami presentert på etterlyst-lista til det amerikanske føderale politiet FBI.

Foto: Uncredited / Ap

LES OGSÅ: 250 Al Shabab-soldatar hoppa av

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt