Hopp til innhold

250 Al Shabab-soldatar hoppa av

Somalias regjering seier at kampen mot opprørsgruppa Al Shabab når nye høgder. 250 soldatar tilknytt gruppa har no hoppa av, og gjeve seg over til styresmaktene.

Al Shabab-soldatar har overgitt seg til somaliske styresmakter

FRIVILLIG: Dei om lag 250 soldatane gav seg frivillig over til Somalias styresmakter. No oppfordrar innanriksministeren fleire til å gjere det.

Foto: OMAR FARUK / Reuters

– Dersom dei vel å gje opp kampen, skal me ikkje berre sende dei ut i ingenting. Me vil dele dei opp i grupper, ta vare på dei, og gje dei jobbar på fabrikkar, seier innanriksminister Abdisamed Mohamed Hassan.

Og no er fyrste store skup gjort for styresmaktene i landet. 250 soldatar tilknytt Al Shabab har gjeve opp kampen og lagt fram våpna sine. Innanriksministeren seier at dette er måten å gjere det på, og åtvarar mot å kjempe vidare.

– Dersom dei vert tekne til fange som soldatar i strid, så vil me gje dei vidare til justisdepartementet, og dei vil hamne rett i fengsel, seier han.

Erklært krig mot politikarar

– Eg vil seie til det somaliske folk at alle må samlast i kampen mot denne fienden som har terrorisert, drepe og skada sivile.

Den fungerande statsministeren i Somalia nyttar sterke ord til nyheitsbyrået Reuters. Abdiweli Mohamed Ali er blant mange politikarar i landet som har vorte råka av terroren som Al Shabab har stått bak.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ein soldat frå Den afrikanske union held oppsyn over Al Shabab-soldatar

PASSAR PÅ: 250 soldatar gav seg over til styrkar frå Den afrikanske union.

Foto: HANDOUT / Reuters

I april i år slapp han så vidt unna eit åtak på i hovudstaden Mogadishu. Der skulle dei feire den statlege TV-stasjonen i landet. Ei kvinne tok seg heilt fram til scenen der han og fleire andre politikarar og byråkratar sat. Så sprengde ho seg sjølv i lufta. Alle politikarane slapp unna med eit naudskrik, men seks andre vart drepne.

Den somaliske presidenten Hassan Sheikh Mohamud

UNDER ÅTAK: Den nyvalde presidenten, Hassan Sheikh Mohamud, har ikkje sluppe unna terroråtak.

Foto: Farah Abdi Warsameh / Ap

Det tok berre 48 timar for den nyvalde presidenten å verte angripen. Heimen hans vart treft av to kraftige eksplosjonar. Sjølv slapp han unna, men fem menneske vart drepne.

Kampen mellom styresmaktene i Somalia og Al Shabab vil halde fram. Men den siste tidas politiske utvikling og Al Shabab-soldatar som gjev opp kampen, kan vere med på å gjere framtida litt lysare i det konfliktfylte landet. Etter drapet på eit parlamentsmedlem førre veke åtvara FN mot den ustabile situasjonen.

– Dette var eit demokratisk val, og dei folkevalde skulle ut på eit viktig oppdrag i landets historie. Den tragiske hendinga er ei påminning om dei stadige utfordringane me møter på i Somalia, sa Augustine Mathiga, FNs spesialutsending til Somalia.

(Reuters)

SISTE NYTT

Siste nytt