Hopp til innhold

Han skal leie dei russiske soldatane i Ukraina

President Vladimir Putin har peika ut ein ny general til å leie dei russiske soldatane i Ukraina. Aleksander Dvornikov (60) har tidlegare leia dei russiske styrkane i Syria.

Vladimir Putin og Aleksander Dvornikov

I 2016 blei general Aleksander Dvornikov tildelt den russiske heltemedaljen av president Vladimir Putin.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Nesten sju veker med krig i Ukraina, har ekspertar peika på at den russiske invasjonen ikkje har gått like radig som Russland kanskje hadde sett føre seg. Styrkane har verka dårleg organisert, og ukrainarane har ytt betre motstand enn først rekna med.

Til no har Russland hatt tre likestilte militære leiarar i Ukraina, skriv NBC News.

Valet av Dvornikov som sjef blir sett på som eit signal om at krigen går over i ein ny fase. Og at Russland no vil konsentrere seg om Aust-Ukraina, etter at dei måtte gi opp Kyiv.

Dvornikov kjenner Aust-Ukraina godt etter å ha tenestegjort i Donbas-regionen sidan 2016.

Erfaren offiser

Generalen er ifølge AP ein av dei mest erfarne offiserane i den russiske hæren. Han har blant anna kjempa i Tsjetsjenia, og har hatt fleire sjefstillingar i den russiske hæren.

I 2015 leia han dei russiske styrkane i Syria, som gjennomførte massive bombingar av opprørskontrollerte byar, som førte til mange drepne. Innsatsen til dei russiske soldatane skal ha bidrege til at president Bashar al-Assad kom på offensiven igjen.

Vladimir Puti, Nikolai Yevmenov og Aleksander Dvornikov inspiserer marineøvelse.

Dvornikov (til høgre) inspiserer ei marineøving i Svartehavet i 2020 saman med president Vladimir Putin og marinesjef Nikolai Yevmenov.

Foto: Alexei Druzhinin / AP

Ifølge selskapet Airwars, som blant anna overvakar luftkrigen i Syria, skal nesten 25.000 sivile syrarar vere drepne av russiske luftangrep mellom september 2015 og mars 2022.

I 2016 fekk Dvornikov den russiske heltemedaljen, ein av dei gjævaste æresmedaljane i Russland, for innsatsen i Syria, skriv Washington Post.

Les også Russland rekrutterer Assad-soldater til krigen i Ukraina

Videoen ble sendt på Zvezda, en TV-kanal drevet av det russiske forsvarsdepartementet. Den skal vise kampklare syriske soldater. De holder blant annet opp russiske flagg og bannere med bilde av president Vladimir Putin. Man ser også plakat med bokstaven «Z» , som har blitt et symbol på at man støtter invasjonen av Ukraina.

Trur på Syria-taktikk

No er det venta fleire angrep i Aust-Ukraina. Måndag kveld kom det meldingar om at fleire skal vere drepne og skadde i bombeangrep i byen Kharkiv.

Det har vore fleire massive angrep mot byen aust i landet etter at den russiske invasjonen starta 24. februar.

Les også Bruker historisk lov for å hjelpe Ukraina

Fares al-Bayoush, ein avhoppar frå den syriske hæren, seier til nyheitsbyrået AP at valet av Dvornikov er eit teikn på at Russland ønsker seg raske kampar fleire stader samstundes.

– Eg reknar med han vil bruke den same brent jord-taktikken som han brukte i Syria. Det er ein taktikk han kjenner godt, seier al-Bayoush.

SISTE NYTT

Siste nytt