380 milliardar dollar er nesten 3,2 billionar norske kroner. Frå både amerikansk og saudisk side blir det sagt at våpenavtalen skal demme opp for den iranske trusselen i området.
Avtalen vart skriven under av Donald Trump og kong Salman i Riyadh i ettermiddag, og også Rex Tillerson og hans saudiske kollega deltok i seremonien. Tillerson gjer det klart at USA vil intensivere arbeidet med å stanse den iranske ekspansjonen i land som Syria og Jemen.
Godt forhold
– Den første dagen min i Saudi-Arabia har vore fantastisk. Avtalane vi har inngått vil skape jobbar, jobbar, jobbar, sa Donald Trump til journalistar i ettermiddag.
Trump vart varmt motteken av kong Salman då han kom til flyplassen i Riyadh i dag tidleg. . Forholdet mellom USA og Saudi-Arabia blir karakterisert som historisk godt, og avtalen blir omtalt som ei signifikant utviding av det eksisterande samarbeidet mellom dei to landa.
Landet er leiar for ein militærallianse som i over to år har vore i krig med den Iran-støtta Houthi-militsen i nabolandet Jemen. Saudi-Arabia opplyste tidlegare i vår å ha gjennomført over 90.000 flyangrep mot mål i Jemen sidan mars 2015.
– Nye jobbar
Ein av dei økonomiske rådgjevarane til Trump, Gary Gohn, fortalde til journalistar som var med om bord i Air Force One på turen til Saudi-Arabia, at våpenavtalen vil føre til store investeringar og nye jobbar i USA, pluss at amerikanske selskap vil få oppdrag i Saudi-Arabia.
FNs høgkommissær for menneskerettar, Zeid Raad Al Hussein, skuldar Saudi-Arabia for mogleg krigsbrotsverk i krigen mot Houthi-militsen, og det same gjer Amnesty International og Human Rights Watch.
Houthi-militsen sende i går kveld av garde ein ballistisk rakett mot Saudi-Arabia, men ifølgje det saudiarabiske militæret vart denne skoten ned av luftforsvaret over 160 kilometer frå hovudstaden Riyadh.
Forholdet til Iran
Avtalen mellom USA og Saudi-Arabia kjem samstundes som den sitjande presidenten i Iran, Hassan Rouhani, vart attvald med stort fleirtal.
Det knyter seg stor spenning til korleis forholdet mellom Iran og USA vil utvikle seg. Rex Tillerson sa i Riyadh i kveld at han ikkje har konkrete planar om å snakke med den iranske presidenten, men at han truleg vil gjere det ein gong.
Trump og følgjet hans kom til Saudi-Arabia i dag tidleg som første mål på ei reise til Midtausten og Europa.
Dei reiser vidare til Israel og dei palestinske områda måndag, før turen går vidare til Roma for å møte pave Frans. Trump skal også delta på eit Nato-møte i Brussel og eit G7-toppmøte på Sicilia.