Hopp til innhold

– Comey kjende seg kompromittert av Trump

Ein kjenning av den avsette FBI-sjefen James Comey seier at Donald Trump, mot Comeys vilje, prøvde å halde ein uformell tone gjennom telefonsamtalar, småprat og ved eitt høve å gi han ein klem.

Donald Trump (t.v.) og James Comey.

Den avsette FBI-sjefen James Comey (t.h.) meiner Donald Trump ikkje heldt seg til den formelle tonen det skal vere mellom ein president og FBI-sjefen.

Foto: Saul Loeb Nicholas Kamm / AFP

Benjamin Wittes skriv på bloggen sin, Lawfare , at James Comey kjende seg brydd over framferda til presidenten, og at han reagerte sterkt på det han oppfatta som forsøk på småprat og ein kameratsleg tone.

Tradisjonelt har det vore eit formelt forhold mellom FBI-direktøren og presidenten, eit forhold som er klart definert ut frå at FBI skal vere eit uavhengig organ. Wittes seier at Comey fleire gonger prøvde å fortelje Trump-administrasjonen at dei berre skulle kontakte han gjennom offisielle kanalar, ifølgje CNN .

– Manglar respekt

Donald Trump

Donald Trump seier han er utsett for den største heksejakta mot ein politikar i USA nokon gong.

Foto: Susan Walsh / AP

Wittes fortel at Trump-administrasjonen ikkje etterlevde dei innarbeidde reglane for kor involvert presidenten kan vere i ei etterforsking.

– Comey har heile tida vore oppteken av behovet for å verne FBI mot desse stadige spørsmåla frå Det kvite hus om pågåande etterforsking. Comey meiner at Trump-administrasjonen ikkje har nok kunnskap om, og manglar respekt for, den uavhengige rolla til eit etterforskingsorgan som FBI, skriv Wittes på bloggen sin.

Donald Trump sparka James Comey frå jobben som FBI-sjef sist veke, og presidenten gjorde det klart at årsaka var at Comey hadde gjort ein for dårleg jobb. Han har også kalla Comey for ein skrytepave .

Trump har vorte skulda for å ha prøvd å få FBI til ikkje å etterforske den tidlegare tryggingsrådgjevaren Michael Flynn for hans forhold til Russland. I går fekk han direkte spørsmål om dette på ein pressekonferanse.

– Nei, nei. Neste spørsmål, var svaret frå presidenten.

James Comey

James Comey fekk sparken som FBI-sjef sist veke.

Foto: Carolyn Kaster / AP

– Motvillig klem

Comey har fortalt til Benjamin Wittes at han og fleire andre tenestemenn frå FBI vart inviterte til Det kvite hus, der Trump ville takke dei for innsatsen under innsetjingsseremonien. Comey var først skeptisk til å delta, men takka likevel ja til invitasjonen.

Han var oppteken av å ikkje ha ein personleg samtale med den nyinnsette presidenten, og at det skulle vere eit formelt handtrykk når dei helste. Men ifølgje Wittes passa Trump på å gi han ein klem i det dei vart fotograferte.

FBI-sjef James Comey bøyer seg litt motvillig ned til en klem fra Donald Trump

Daværende FBI-sjef James Comey bøyer seg litt motvillig ned til en klem fra president Donald Trump under et møte i Det hvite hus 22. januar 2017. Visepresident Mike Pence (t.v.) og Secret Service-sjef Joseph Clancy ser på.

Foto: Alex Brandon / AP

Årsaka til at Jim Comey var oppteken av å berre ha eit formelt forhold til Trump, er at han hadde fått kritikk frå representantar for Det demokratiske partiet at han stod Det republikanske partiet for nær. Det var viktig for han å vise at stillinga som leiar for FBI ikkje er politisk, og at det føderale politiet sitt arbeid ikkje er påverka av Det kvite hus.

Etterforsking av Russland-band

Den tidlegare FBI-direktøren Robert Mueller skal leie etterforskinga av ei mogleg russisk innblanding i valet i USA. I går vart det kjent at tidlegare CIA-sjef og Trump-kritikar John Brennan skal vitne i ei høyring om Russland-saka i Representanthuset i Senatet.

Før Brennan vart skifta ut i januar, retta han kraftig kritikk mot Donald Trump. Han sa blant anna at Trump ikkje forstår kva trussel Russland er for USA, og at han sa også at Trumps preik og tvitring ikkje er i nasjonen si interesse.

SISTE NYTT

Siste nytt