Hopp til innhold

– Trump for stolt til å bli stilt for riksrett

Forfattaren Tony Schwartz, som skreiv Trump-biografien «Art of the Deal» i 1987, trur ikkje Donald Trump vil la det gå så langt som til ei riksrettssak. Før det vil han finne ein ærefull veg ut, seier han.

Donald Trump i Saudi-Arabia.

Donald Trump er denne helga på offisielt besøk i Saudi-Arabia. Han reiser vidare til Israel og dei palestinske områda måndag.

Foto: Handout / Reuters

I eit intervju med CNN seier Schwartz at Donald Trump er ein altfor stolt person til å risikere å bli avsett i ei riksrettssak. Han er overtydd om at presidenten vil prøve å finne ein veg ut før det blir snakk om riksrett.

– Han vil prøve å gjere eit truande nederlag til ein siger, slik han har gjort det i heile karrieren sin. Det er berre to ting som gjeld for Trump, nederlag eller siger. Så om han vil forlate embetet som president, så vil han framstille det som ein siger, seier Tony Schwartz i intervjuet med CNN.

– Ikkje overraska

Real Time With Bill Maher Bill Maher Tony Schwartz

Tony Schwartz skreiv biografien «Art of the Deal» om Donald Trump for 30 år sidan.

Foto: Janet Van Ham / Ap

Schwartz jobba tett på Donald Trump i arbeidet med boka «Art of the Deal».

- Eg brukte fleire hundre timar på å høyre på han. Eg fylgde han i arbeidet og intervjua han om det meste. Ingenting av det som han har sagt eller gjort som president har overraska meg. Alt frå sparkinga av FBI-sjefen til språkbruken hans på Twitter. Eg er ikkje overraska, skriv Tony Schwartz i ein kronikk i Washington Post .

Han fortel at han møtte Donald Trump første gong i 1985, og at den noverande presidenten då hadde levd mesteparten av livet i det han kallar forsvarsmodus, «survival mode». Han meiner det kjem frå forholdet til faren Fred. Han var svært kravstor, viljesterk og vanskeleg.

– Forretningsmessig forhold

– Far min er ein strålande person, men han er ein forretningsmann, sterk og tøff som berre helvete, seier Donald Trump i boka. Han seier også at han aldri vart skremt av faren, slik andre vart.

– Eg tok igjen med han og det respekterte han. Vi hadde nærmast det ein må kalle eit forretningsmessig forhold, heiter det.

Trump fortalde då at broren Fred Jr. hadde eit vanskeleg forhold til faren. Fred Jr. utvikla eit alvorleg alkoholproblem og døydde berre 42 år gammal.

Tony Schwartz meiner at barndomen gjorde Trump tøff. Det var tap eller siger, anten vere ein vinnar eller ein tapar. Dette tok han også med seg inn i arbeidet i eigedomsbransjen i New York, som ifølgje Trump er den tøffaste i verda.

Hyller valget av spesialetterforsker

En spesialetterforsker er en stor risiko for president Trump

– Tøffe og vondskapsfulle

I boka «Art of the Deal» seier Trump dette om dei som jobbar i denne bransjen:

– Det er ein del av dei skarpaste, tøffaste og mest vondskapsfulle menneska i verda. Eg vaks opp saman med desse menneska, og eg elskar å vinne over dei.

Fleire politiske observatørar i USA meiner at sjansen for at Donald Trump kan bli stilt for riksrett har auka, etter at han sparka FBI-sjef James Comey. Det har vorte spekulert i om Trump prøvde å påverke Comey til ikkje å etterforske Russland-kontaktane til den tidlegare tryggingsrådgjevaren i Det kvite hus, Michael Flynn .

Laster innhold, vennligst vent..

USA-kommentator: – Det er ikke kriminelt å være en dum og klønete politiker

SISTE NYTT

Siste nytt