NRK Meny
Normal

– Ungarn er misforstått av omverda

Den ungarske regjeringa meiner EU og andre vestlege land misforstår Ungarn. – Vi blir sett på som ein nykommar og blir forskjellsbehandla, seier landets minister for kommunikasjon til NRK.

Ungarns statsminister Viktor Orban

Statsminister Viktor Orban får kritikk for å lage eit nasjonalistisk Ungarn for berre ungararar og sikre seg politisk styring over statsinstitusjonar som skal vere sjølvstendige.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Zoltán Kovács har forsvart Ungarns ære i utanlandsk media og har i fleire veker blitt grilla av internasjonal presse om den omstridde grunnlova som vart vedteken ved årsskiftet.

Ministeren for kommunikasjon i den konservative Fidesz-regjeringa meiner kritikken er urettvis og at EU driv med forskjellsbehandling.

– Eg er glad for at vi etter tre veker med oppheta debatt kan kome oss ned på jorda igjen. For utan dei ideologiske, emosjonelle og politiske aspekta, kan vi kome oss på eit pragmatisk, ærleg og ope spor, fortel han til NRK.

Ungarns kommunikasjonsminister Zoltan Kovacs

Kommunikasjonsminister Zoltán Kovács har hatt travle dagar dei siste månadene.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

EU kommisjonen truar med rettslege steg om ikkje Ungarn reverserer fleire omstridde paragrafar i den nye grunnlova og vrakar ei rekke kontroversielle kardinallover som legg sentralbanken, rettssystemet, media og ombodsmannsordninga under politisk kontroll.

USAs utanriksminister Hillary Clinton skreiv rundt nyttår eit hardt brev til statsminister Viktor Orban for å seie kor skuffa ho er over den antidemokratiske utviklinga i Ungarn.

– Grunnlova eit folkekrav

Men Kovács meiner den ungarske regjeringa er misforstått.

– Overgangen frå kommunisme til demokrati er ikkje lett fortel han. Vi fornyar landet og det var grunnen til at vi fekk eit so stort mandat frå folket, seier han.

Regjeringa i Ungarn meiner den nye grunnlova var eit folkekrav og tvingande nødvendig for å kvitte seg med arven frå kommunistdiktaturet.

Men den amerikanske professoren Kim Lane Scheppele undrar seg i The New York Times over at grunnlovsendringar aldri var ein stor del av valkampen.

Professoren, som er spesialist på grunnlovssamanlikningar og som har forska på den ungarske grunnlova og sjølv har budd i landet, har fått låne spalteplass av den kjende økonomen Paul Krugman.

Spalteplass ho brukar til å analysere argumentasjonen til den ungarske regjeringa.

Professor Kim Lane Scheppele

Professor Kim Lane Scheppele har forska på Ungarn og er uroa over kva ho ser.

Foto: Jon Roemer / Photo by Jon Roemer

Ho meiner at det er feil som regjeringa hevdar at folket krev gjennomgripande endringar av det politiske systemet i Ungarn. Og ho grunngjev dette med at meiningsmålingane no viser at populariteten til Fidesz er i fritt fall.

Berre 16 prosent av veljarane vil stemme på Fidesz igjen, og 84 prosent meiner landet er på veg i feil retning viser ei måling gjort av den private tenketanken Ipsos.

Men Kovács meiner dette har ei naturleg forklaring:

– Vi er midt i regjeringsperioden vår og ifølgje den politisk algoritmen er dette ei vanskeleg tid for både regjeringa og opposisjonen. Ja, vi har teke nokre tøffe avgjersler og det syner igjen i meiningsmålingane.

– Men held vi oss til fakta, so klarte vi å oppretthalde oppslutninga vår under suppleringsvalet i 2010. Der vi fekk over 50 prosent av stemmene.

Ein eller to versjonar?

Ein annan ting den ungarske regjeringa blir kritisert for er at dei har gjort enorme politiske endringar på svært kort tid utan å konsultere tilstrekkeleg med veljarane, opposisjonen og EU-kommisjonen i Brussel.

– Vanlegvis blir det halde folkeavstemming når grunnlover skal endrast. Kvifor gjorde ikkje regjeringa det?

– Ifølgje den gamle grunnlova var det ulovleg å halde folkeavstemming når ein skulle gjere grunnlovsendringar. Og som sagt vi har fått eit stort mandat frå det ungarske folket for å endre det politiske systemet til det betre.

EU-kommisjonen kritiserte Ungarn for ikkje å informere tilstrekkeleg då den nye grunnlova vart utforma. Ifølgje professor Scheppele fekk EU ein månad på seg til å lese og kommentere på den ganske so omfattande grunnlova.

(Artikkelen held fram under bilete).

Den nye ungarske grunnloven

Ei spesial utgåve av den nye ungarske grunnlova utstilt i Budapest.

Foto: BERNADETT SZABO / Reuters

– Konsulterte de tilstrekkeleg med EU før de byrja arbeidet med grunnlova?

– Nei, grunnlova er ei nasjonal sak.

– Men de sende jo ein engelsk versjon av grunnlova til EU-kommisjonen den månaden grunnlova var ute på høyring?

– Ja, det stemmer. Vi sende ein engelsk versjon til EU sine institusjonar slik at dei kunne sjå på den. Og diskusjonen rundt grunnlova har rast i nesten eit år no, fortel Kovács.

Ifølgje professor Scheppele var den engelske versjonen av grunnlova monaleg forskjellig frå den som var skriven på ungarsk. Og ho meiner den ungarske regjeringa fleire gongar har vatna ut lovparagrafar som dei sender til EU.

Professoren meiner Ungarn med dette prøvar å vise eit europavennleg andlet i utlandet medan dei gjer anti-europeiske ting internt.

Men Kovács nektar på at regjeringa har juksa med omsetjinga av grunnlova.

– Dette er berre tull. Omsetjinga til engelsk er ein skikkeleg og offisiell versjon av grunnlova.

Ein mosaikk av folkegrupper

Eit anna element ved den ungarske grunnlova som skapar bekymring i dei andre EU-hovudstadane, er den nasjonalistiske tonen i språket. I forordet til grunnlova står det at suvereniteten ligg hjå den ungarske nasjonen, ikkje hjå ungarske statsborgarar.

Noko som professor Scheppele tolkar som at grunnlova prøvar å ekskludere minoritetane i Ungarn.

Grunnlova viser også til Ungarns historiske grunnlov som implisitt gjer krav på område som no ligg i nabolanda. Noko som ikkje blir sett på med blide auge i Slovakia, Serbia og Romania, land med store ungarske minoritetar.

– Har dykk ambisjonar om å inkludere ungarske minoritetar frå nabolanda?

– Kva meiner du med å inkludere?

– Til dømes å gje ungarske minoritetar dobbelt borgarskap og stemmerett?

– Vi må hugse på at Sentral-Europa er ein mosaikk av folkegrupper. Og eit av dei viktigaste endringane i den nye grunnlova er at vi gjer det lettare for minoritetsgrupper i Ungarn å bevare språket sitt og kulturen sin. Vi ber våre naboland om at dei gjer det same for ungararane der.

Men Det europeiske senteret for romrettar i Budapest seier til NRK at dei er bekymra for rettane til minoritetsgrupper som rom. Spesielt bekymra er dei for at alle ombodsmennene no blir slått saman til ein superombodsmann.

– Problemet var at ombodsmennene krangla for mykje seg i mellom, so vi fann ut det var betre å slå dei saman til ein hovudombodsmann med utvida myndigheit. No blir det enklare for den institusjonen å gjere ein god jobb.

– Denne løysinga vil du finne i mange andre europeiske land, meiner han.

Skadar omdømmet

Kovács meiner den ungarske grunnlova ikkje er meir kontroversiell enn noko anna europeisk grunnlov.

– Føler du at kritikken skadar Ungarns omdømme?

– Ja, det er heilt klart. Eg føler vi blir sat i bås. Vi blir framleis sett på som nykommarar i EU, sjølv etter åtte år. Det meiner eg vi ikkje er. I fjor hadde Ungarn og Polen presidentskapen i EU.

– Og spør du diplomatar, vil dei fortelje deg at vi handterte dei økonomiske problema i Europa på ein eineståande måte. Noko som viser at dei sentraleuropeiske demokratia har modna. No ber vi berre om å ikkje å bli forskjellsbehandla. Ta oss som vi er og respekter historia vår!

Han peiker blant anna på prinsippet om flat skatt, som no er innlemma i grunnlova, eit prinsipp som vestlege økonomikonsulentar har gitt råd om dei siste åra.

– Det er det eg meiner med forskjellsbehandling. Finansinstitusjonar, EU og pengefondet, alle har dei forventningar og krav vi må etterleve.

– Og det er jo akkurat det vi gjer ved å fornye og oppgradere landet vårt. Vi står midt i dei største politiske reformene i vår generasjon. Og flat skatt er ein del av den økonomiske reformpakken.

– Vi gjer dette for å styrke middelklassen, for som vi alle veit, middelklassen er ryggrada i eit moderne demokrati, fortel ministeren Zoltán Kovács frå sitt kontor i Budapest til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt