Hopp til innhold

– Tyrkia har rett til å forsvare seg

ANKARA (NRK): Nato-sjef Jens Stoltenberg besøker landet for første gong sidan kuppforsøket i juli, og gir Tyrkia si opptrapping av kampen mot IS si fulle støtte.

TURKEY-NATO-DIPLOMACY

Nato-sjefen kom lovleg seint på Tyrkia-besøk, meiner tyrkiske styresmakter, men Recep Tayyip Erdogan kunne nyte Stoltenberg si fulle støtte når han først kom til Ankara i går.

Foto: YASIN BULBUL / Afp

– Eg opplever at det er eit godt samarbeid mellom dei Nato-allierte, inkludert Tyrkia, om korleis Nato skal vareta sitt styrka nærvær her i Tyrkia. Det er viktig ikkje minst i lys av den terrortrusselen Tyrkia opplever, seier Stoltenberg til NRK.

Se URIX om Tyrkia

Tyrkias president Recep Tayio Erdogan har tidlegare kritisert det han meiner er manglande støtte frå vesten etter det blodige kuppforsøket der 241 sivile mista livet, og den tyrkiske regjeringa har gått så langt som å skulde Europa for å støtte kuppmakarane.

Kjempar mot IS i Syria – men også mot kurdisk milits

Sidan Stoltenberg sist besøkte Nato-landet som har alliansens nest største hær, har Tyrkia gått inn med bakkestyrkar i Syria, i operasjonen som har fått namnet «Eufrats skjold». Namnet viser til elva Eufrat, for i tillegg til målet om å slå tilbake mot IS, er eit like viktig mål for Tyrkia å drive den kurdiske YPG-militsen tilbake aust for Eufrat-elva.

Dei ser denne som ei raud linje for YPG-militsen, som dei meiner står i ledtog med den kurdiske opprørsgruppa i Tyrkia, PKK. Dette skaper problem for forholdet mellom Tyrkia og USA, ettersom YPG er blant USAs allierte i kampen mot IS.

TURKEY-SYRIA-CONFLICT

Tyrkia har tidlegare fått kritikk for ikkje å ha hatt god nok kontroll på grensa til nabolandet Syria. Tyrkia gjekk inn med bakkestyrkar i Syria for første gong for litt over to veker sidan.

Foto: BULENT KILIC / Afp

– Dette viser berre kor vanvittig komplisert, men også kor brutal den konflikten vi no ser i Syria er. Eg meiner det er bra at Tyrkia no trappar opp kampen mot IS. Det er viktig, og vi ser også framgang i det arbeidet, seier Stoltenberg.

På spørsmål om kva han synest om Erdogan sin plan om å vere med på å gjenta kontrollen over Raqqa, der IS har sitt hovudsete i Syria, seier han at det er viktig med samordning av innsatsen, men endå viktigare at det er lokale styrker som går i front.

Meiner atomvåpena i Tyrkia er trygge

Ei anna utfordring fleire kommentatorar og forskarar har peika på er dei rundt 50 amerikanske atomvåpena som skal vere lagra på Incirlik-flybasen sør i Tyrkia. Dei har spurt om det er så lurt å ha slike våpen plassert i eit land som tydelegvis er prega av stor indre spenning, i tillegg til si geografiske plassering, som nabo til Syria og den kaotiske krigen der. Amerikanske jagarfly brukar basen som utgangspunkt for si bombing av IS i Syria.

– Er dette ein debatt i Nato også?

– Eg ville aldri kommentere korleis og kvar Nato har atomvåpen, men det eg kan seie er at Incirlik-basen er ein viktig base. Natos styrker var aldri truga eller i nokon farleg situasjon under kuppforsøket.

SISTE NYTT

Siste nytt