Hopp til innhold

Kuppforsøket skapte uro om USAs atomvåpen i Tyrkia

Kuppforsøket i Tyrkia sist fredag har fått amerikanske ekspertar til å spørje seg. Kor trygge er eigentleg USAs atomvåpen i landet?

Incirlik-basen i Tyrkia.

Det er lagra rundt 70 atombomber på Incirlik-basen i Tyrkia, ifølgje svenske forskarar.

Foto: STR / Afp

På Nato-basen Incirlik sør i Tyrkia, ikkje langt frå grensa til Syria, har USA lagra rundt 70 atombomber av typen B-61, ifølgje SVT . Kjelda for desse opplysningane er svenske FOI, Totalforsvarets Forskningsinstitut.

Under kuppforsøket var det straumbrot på Incirlik, og trusselnivået vart heva til høgste nivå. Seinare vart øvstkommanderande på basen arrestert, mistenkt for å ha vore delaktig i kuppforsøket.

Største atomvåpenlager

Bekir Ercan Van (i midten).

Sjefen for Incirlik-basen i Tyrkia, Bekir Ercan Van (i midten), er arrestert, mistenkt for å ha vore delaktig i kuppforsøket i Tyrkia.

Foto: STRINGER / Reuters

Den amerikanske avisa The New Yorker skriv at Incirlik er Natos største lager av kjernevåpen. Dette blir ifølgje SVT stadfesta i rapporten frå FOI.

Incirlik-basen blir brukt av USA og andre NATO-land i krigen mot IS i Irak og Syria. Fleire nyheitsmedium melde at basen vart stengt under kuppforsøket. Den britiske avisa The Guardian melder at den tyrkiske regjeringa sa at kuppmakarane oppheldt seg på Incirlik, og at dei flaug til og frå basen under kuppforsøket.

Det fekk regjeringa til å stengje luftrommet og ta straumen på basen.

Sjefen på basen, Bekir Ercan Van og sju andre offiserar, vart seinare arresterte, mistenkte for å ha vore involverte i kuppforsøket.

Hans Kristensen, kjernevåpenekspert i organisasjonen Federation of American Scientists, seier at det som skjedde på basen sist fredag reiser spørsmål om kor sikre dei amerikanske atomvåpena på basen er.

Sent på kvelden 15. juli startet det som viste seg å være et kuppforsøk mot tyrkiske myndigheter. Her får du en oversikt over hendelsesforløpet.

VIDEO: Dette skjedde under kuppforsøket.

Erdoğan: – Hadde blitt drept eller bortført

– Erdogan er Guds gåve til oss

Åtvarar Erdogan: – Kuppet er inga blankofullmakt

– Auka risiko

Han seier til The Guardian at fordelane med å oppbevare atomvåpen i Tyrkia er minimale, medan risikoen har auka markant dei siste åra.

– Etter mi meining er tryggingsnivået i Tyrkia og i området rundt basen på eit nivå som gjer at dei ikkje lenger oppfyller dei krava som bør stillast til eit lager for atomvåpen. Ein får berre eit visst tal åtvaringar før noko går skikkeleg alvorleg gale, seier han.

B61-bombene er eigentleg eit forelda atomvåpen, og det er uklart om det tyrkiske flyvåpenet er sertifisert av USA for å flyge med bombene. Bombene er der mest som eit symbol på USAs løfta om å passe på sine europeiske allierte, meiner Kristensen.

The New Yorker skriv at det er nok med nokre timars trening og dei rette verktøya for å opne eitt av lagera til Nato, stele ei bombe og utstyre bomba med ein sprengladning.

– Ustabilt område

Det vekkjer også uro at det amerikanske atomvåpenlageret ligg så nær det krigsherja Syria. Pentagon har tidlegare oppmoda familiane til USAs tilsette på basen om å forlate området av frykt for terroraksjonar.

– Dersom det er atomvåpen på ein base etterretningstenesta meiner det er fare for terror, og som ligg i ei ustabilt område, så burde ikkje det bli lagra atomvåpen der, seier Ian Kearns frå tankesmia ELN, som arbeider for å hindre spreiing av atomvåpen.

SISTE NYTT

Siste nytt