Hopp til innhold

– Trur ikkje Trump vil ha storkrig ved inngangen til ny valkamp

– Eg har veldig vondt for å tru at Donald Trump kan sjå seg tent med ein storkrig ved inngangen til ein ny valkamp. Det seier Sverre Lodgaard ved NUPI. Spenninga mellom USA og Iran har auka etter angrepa mot to tankskip utanfor Oman.

Sverre Lodgaard om Nord-Koreas prøvesprengning

Sverre Lodgaard, seniorforskar ved NUPI.

Foto: Inger Marit Kolstadbråten / NRK

Torsdag var det fleire store eksplosjonar på tankskipa «Front Altair» og «Kokuka Courageous» mens dei var på veg gjennom Omanbukta. Same kveld sa den amerikanske utanriksministeren, Mike Pompeo at han meiner Iran er skuldig i angrepa.

Laster Twitter-innhold

Fredag uttalte også den britiske utanriksministeren, Jeremy Hunt at han meiner Iran står bak.

– Spenninga trappa opp

Sverre Lodgaard er seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI). Han seier at det har vore eit nærast fiendtleg forhold mellom Iran og USA heilt sidan revolusjonen i Iran i 1979.

– Spenninga er trappa opp etter at Donald Trump tok over som president. Det er «regimeendringsfolka» som styrer i Washington no, seier Lodgaard.

Han meiner at det USA gjorde då landet sette revolusjonsgarden på terrorlista, må vektleggjast når vi ser det som skjer no.

– Eg trur at det var utslagsgjevande for det som skjedde i mai, då fire tankskip i Omanbukta blei utsette for sabotasje. Det var truleg revolusjonsgarden som stod bak. Det vi såg torsdag, liknar veldig mykje på hendinga i førre månad, seier Lodgaard.

Videoen ble publisert av det amerikanske militæret.

USA meiner at denne videoen, publisert av det amerikanske forsvaret, er med på å bevise at Iran står bak eksplosjonane.

– Er det krefter i USA som ønskjer ein krig med Iran?

– Ja, det er det. Den fiendtlege haldninga til Iran omfattar begge dei store partia i USA. Washington er på kollisjonskurs med Iran, og vil veldig gjerne ha eit nytt regime der.

Lodgaard seier USA har ein todelt plan.

– Dei prøver i første omgang å få dette til gjennom sanksjonspress. Pompeo kallar det for «historisk strenge sanksjonar». Og så legg ein militært press på toppen, og understrekar heile tida at krig er «ein opsjon» som heile tida ligg på bordet. Vi er i ein spent situasjon, der faren er at ein blir «driven» inn i ein konflikt som ingen av leiarane eigentleg vil ha, seier Lodgaard.

Men han legg til:

– I det lengste har eg tru på at dei greier å halde styr på «villstyringane» i eigen egen leir.

Bilder fra Press TV.

Reiarlaget Frontline, som er kontrollert av John Fredriksen, eig tankskipet «Front Altair». Bilete frå Press TV.

– Krig vil vere gedigen katastrofe

Sverre Lodgaard trur ikkje at Donald Trump ønskjer ein storkrig med Iran like før valkampen startar. Og for Iran er det viktig å unngå krig.

– Det er om å gjere for president Hassan Rouhani å ikkje overreagere, ikkje la seg provosere, slik at andre får eit påskot om å gå til krig. Rouhani og regjeringa i Iran veit svært godt at dersom dei hamnar i krig med USA og Israel, så vil det vere ein gedigen katastrofe for landet.

Forsvarsministeren i USA, Patrick Shanahan sa fredag at situasjonen i Omanbukta ikkje er ein konflikt mellom Iran og USA, men mellom Iran og det internasjonale samfunnet. Han seier det er viktig for USA å få til ei internasjonal semje om korleis problemet skal handterast.

Guterres

Generalsekretæren i FN, António Guterres, vil at Tryggingsrådet i FN sørgjer for at det blir gjennomført ei uavhengig gransking av angrepa mot to tankskip i Omanbukta.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Vil ha gransking

Iran avviser kategorisk skuldingane om at dei står bak angrepa. Generalsekretæren i FN, António Guterres, sa fredag at angrepa må granskast.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) seier at et er for tidleg å slå fast kven som står bak angrepa. Ein talsperson for seier at EU vil vente med å konkludere til fleire fakta har komme på bordet.

Iran og USA: 67 år med hat og mistenksomhet

President Donald Trump sier han vil bruke alle midler for å hindre at iranerne utvikler atomvåpen og har gjeninnført sanksjoner som ble opphevet under president Obama. Forholdet mellom de to landene har i generasjoner vært preget av hat og mistenksomhet.

SISTE NYTT

Siste nytt