Hopp til innhold

– Sett alle Boeing 737 MAX 8 på bakken straks

Luftfartseksperten Mary Schiavo meiner Boeing og flyselskapa må ta ansvar for tryggleiken og sette alle fly av denne typen på bakken.

Flystyrt i Etiopia.

Ryddemannskap i arbeid på staden der eit passasjerfly frå Ethiopian Air styrta søndag morgon. Vrakdelar frå flyet er spreidde over eit stort område.

Foto: Mulugeta Ayene / AP

I løpet av eit halvt år har to passasjerfly av typen Boeing 737 MAX 8 styrta, og dei to ulukkene har fleire likskapstrekk , meiner ho. I eit intervju med nyheitskanalen CNN måndag er ho klar på at alle fly av denne typen må setjast på bakken til ein veit meir om årsaka til dei to flystyrtane.

Den siste ulukka skjedde tidleg søndag morgon. Eit fly av denne typen frå Ethiopian Air på veg til Nairobi i Kenya styrta like etter avgang frå Addis Abeba . 157 menneske miste livet, blant dei den norske bistandsarbeidaren Karoline Aadland frå Bergen .

I oktober i fjor styrta eit fly av same typen frå det indonesiske selskapet Lion Air like etter avgang, og alle dei 189 om bord omkom. Årsaka til ulukka er enno ikkje kjend.

– Ikkje trygt

Luftfartseksperten Mary Schiavo.

Luftfartseksperten Mary Schiavo meiner alle Boeing 737 MAX 8 bør setjast på bakken straks.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / CHIP SOMODEVILLA

– Alle, absolutt alle selskapa må setje desse flya på bakken, og Boeing-fabrikken bør sjølv vere først ute, seier ho. Ho meiner det ikkje er trygt å ha desse flya i trafikk så lenge ein ikkje kjenner til kva som førde til ulukkene.

Dei såkalla svarte boksane i det etiopiske flyet , der all informasjon om flyet og taleregistratoren er lagra, er funne. Schiavo reknar med at, dersom boksane ikkje vart øydelagde i krasjet, kan dei vere ferdig analyserte mot slutten av denne veka.

Fleire land, mellom anna Frankrike, Storbritannia, Tyskland, Irland, Singapore, Malaysia og Australia har forbode flya i sine luftrom.

Kinesiske luftfartsstyresmakter har bestemt seg for at alle Boeing 737 MAX 8 i Kina skal ut av trafikk inntil vidare. Fleire andre land har gjort det same. Ethiopian Airlines og Cayman Airlines har også teke alle MAX 8-flya ut av trafikk.

– Tryggleiken er god nok

I dag har Norwegian sett alle dei 18 flya av typen Boeing 737 MAX 8 dei har i flåten sin, på bakken . Selskapet forsikra i går at tryggleiken var god nok, og dei ikkje hadde planar om å ta flya ut av trafikk. Heller ikkje Luftfartsverket såg i går ikkje nokon grunn til å setje flya på bakken.

Leiar i Norsk Pilotforbund, Petter Førde, synest det er spesielt at to fatale ulukker har ein del likskapstrekk, slik som at begge ulukkene skjedde like etter avgang.

Petter Førde, leder Norsk Pilotunion

Petter Førde er leiar for Norsk Pilotunion.

Foto: Astri Husø / NRK

– Dette flyet har ein heilt annan teknologi enn den generasjonen 737 eg flaug i åra mine i Braathens og SAS. Den nye teknologien er innført for å auke tryggleiken, men gitt at det oppstår feil er det kanskje vanskelegare for pilotar i dag å forstå teknologien, seier han til NRK.

Han fortel at det tidlegare var mykje enklare å kople ut teknologien og flyge på gamlemåten, altså manuelt, men at dette blir vanskelegare for kvar einaste gong det kjem ein ny flytype. Dette fordi det er teknologien som skal styre flya og ikkje pilotane.

– Dette krev mykje av selskapa når det gjeld opplæring av pilotane. Den nye teknologien har kome veldig langt, men kan til tider vere vanskeleg å forstå, seier han.

– Tett dialog med Boeing

Thomas Hesthammer, flygesjef Norwegian

Thomas Hesthammer er flygesjef i Norwegian.

Foto: Astri Husø / NRK

Flygesjef i Norwegian, Thomas Hesthammer, sa i ein skriftleg kommentar i går at dersom selskapet hadde hatt den minste tvil rundt tryggleiken, så ville dei ikkje ha operert desse flya.

– Tryggleiken til passasjerane og dei tilsette kjem alltid først. Vi er i tett dialog med Boeing og luftfartsstyresmaktene, og dersom det skulle kome nye tilrådingar vil vi sjølvsagt sette i verk desse straks, heiter det.

Han fortel at Norwegian sette i verk ekstra tryggingstiltak etter Lion Air-ulukka i oktober, der alle pilotar må følgje ei oppdatert sjekkliste. Han forsikra at alle pilotane i Norwegian rutinemessig trenar på situasjonar der flyet er i ein uønskt situasjon.

Flystyrt i Etiopia.

157 menneske miste livet då eit passasjerfly frå Ethiopian Air styrta like etter avgang frå Addis Abeba søndag morgon.

Foto: Tiksa Negeri / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt