– Isolat er tortur, og må avskaffast

– Det er grufullt, nedverdigande og umenneskeleg. Det seier Chelsea Manning, som sat isolert på ei celle i USA i ni månader.

Military Transgender Chelsea Bradley Manning

Chelsea Manning er dømd til 35 års fengsel for å ha leke fleire hundre tusen hemmelege dokument.

Foto: Patrick Semansky / Ap

Etterretningsanalytikaren Chelsea Manning blei i 2010 arrestert i Irak, mistenkt for å ha levert fleire hundre tusen hemmelege dokument til nettstaden Wikileaks.

Tre år seinare blei Manning dømd til 35 års fengsel for dette. Manning hadde tidlegare fornamnet Bradley, men har skifta namn til Chelsea, og vil starte hormonbehandling og gjennomføre eit kjønnsskifte.

I eit innlegg i avisa The Guardian skriv Manning om korleis ho opplevde tida i isolat.

Kort tid etter arrestasjonen kom ho til eit militærfengsel i Kuwait, der ho sat isolert i ein månad. Før halve tida var gått, vurderte ho å ta sitt eige liv.

Bradley Manning på vei ut fra retten

Bradley Manning har bytt namn til Chelsea Manning.

Foto: Jose Luis Magana / Reuters

Etter opphaldet i Kuwait, blei ho overført til USA. Der blei ho plassert på ei 2 x 2,5 meter stor celle, under svært restriktive soningsforhold.

– I ni månader sat eg isolert på denne cella, skriv Manning. – 17 timar i døgnet sat eg framfor to militære vakter som eg ikkje kunne sjå, men som såg meg frå baksida av ein einvegs-spegel.

– Eg fekk ikkje lov til å leggje meg ned. Eg fekk ikkje lov til å lene meg mot veggen på cella. Eg fekk ikkje lov til å trene. For å få tida til å gå, begynte eg å telje dei mange hundre opningane mellom stålstengene på cella. Eg studerte mønster og flekker på betonggolvet. Frå gangen kunne eg høyre dryppa frå ein lekk slange.

Chelsea Manning fortel at ho i korte periodar, annankvar dag, blei eskortert av minst tre vakter til eit tomt område på storleik med ei basketballbane.

– Eg hadde lekkjer på meg, og måtte gå rundt i ring eller i åttetal i 20 minutt. Eg fekk ikkje lov til å stå i ro.

Manning WikiLeaks

Chelsea Manning sine støttespelarar demonstrerer utanfor Det kvite hus i august 2013.

Foto: Pablo Martinez Monsivais / Ap

– Eg fekk ha besøk av venner, familie og advokatar eit par timar kvar månad. Besøka fann stad bak ein tjukk glasvegg, og eg hadde lekkje på hender og føter. Det blei gjort opptak av samtalane, bortsett frå når eg snakka med advokatane.

FNs spesialrapportør for tortur, Juan Mendez, har fordømt måten Chelsea Manning blei behandla på. Han har kalla behandlinga for «grufull, umenneskeleg og nedverdigande", og meiner Manning har vore utsett for "overdriven og langvarig isolasjon".

I innlegget i The Guardian skriv Chelsea Manning at det ho opplevde i 2010-2011, dessverre ikkje er uvanleg for dei rundt 80.000 til 100.000 innsette som blir haldne fanga på tilsvarande vilkår i USA kvar einaste dag.

– Isolat i USA er vilkårleg, fornærmande og unødvendig i mange situasjonar. Det er grufullt, nedverdigande og umenneskeleg, og er i praksis tortur. Vi bør avslutte praksisen raskt og fullstendig, skriv Chelsea Manning.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt