NRK Meny
Normal

– Har drepe 30 Al Qaida-medlemmer

Regjeringsstyrkane i Jemen skal tysdag ha drepe 30 Al Qaida-medlemmer som hadde erobra ein by på sørkysten.

Regjeringskritiske jemenitter demonstrerer mot president Saleh

Regjeringskritiske jemenittar demonstrerer mot presidenten Ali Abdullah Saleh i Sanaa den 4.juni. Dei krev maktskifte etter at Saleh har styrt landet i 32 år.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

Dei drepne var islamistiske militante som hadde teke kontroll over byen Zinjibar i den sørlege Abyan-provinsen, ifølgje det jemenittiske forsvarsdepartementet.

Regjeringsstyrkane skal også ha teke av dage ein lokal Al Qaida-topp, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Dei militante opprørarane skal ha teke styringa i Zinjibar for ti dagar sidan. Sidan det har det gått føre seg harde kampar mellom jemenittiske styrkar og opprørarane.

På randen av borgarkrig

Den arabiske republikken Jemen har vore prega av konflikt mellom stammar og klanar og mellom konservative og radikale heilt sidan samanslåinga av Nord-Jemen og Sør-Jemen til ein stat i 1990.

Dei siste fire månadene har det vore demonstrasjonar og opptøyar i fleire byar i Jemen.

Landet var på randen av borgarkrig då det søndag blei inngått ei mellombels våpenkvile mellom regjeringsstyrkane i Jemen og ein av dei store stammane i landet.

Kampane held likevel fram. Seinast natt til i dag skal 19 personar ha vorte drepne i valdelege samanstøytar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt