Hopp til innhold

– Skrekkhuset til Fritzl skal rivast

Konkursdommar Markus Sonnleitner trur ikkje at det går å selje huset til Josef Fritzl. – Huset skal rivast. Det er velkome at det forsvinn, seier han.

Kjelleren i Amstetten
Foto: NRK

Josef Fritzl

Josef Fritzl er dømd for å ha halde dottera...

Foto: ROBERT JAEGER / AFP
Elisabeth Fritzl

..Elisabeth Fritzl fanga i 24 år...

Foto: PAUL PLUTSCH/US PRESS/SIPA / PAUL PLUTSCH/US PRESS/SIPA
Kjelleren i huset til Josef Fritzl

..i kjellaren i huset sitt i Amstetten.

Foto: - / AFP

Huset i Amstetten har blitt eit symbol på ondskap etter at Josef Fritzl heldt si eiga dotter fanga i kjellaren i 24 år og i tillegg ha valdteke og fått barn med ho.

Fritzl vart dømd skuldig i uaktsomt drap, valdtekt, incest, slaveri og grovt overfall. Han vart dømd til livstid i ein psykiatrisk institusjon.

– Huset må rivast

Mannen etterlet seg ei stor gjeld og er kjent konkurs. Konkursdommar Markus Sonnleitner har prøvd å selje huset, utan hell.

Naboane ønskjer at heile huset blir rive. No ser det ut til at nettopp det skjer, skriv den austerriske avisa Kurirer.

– Huset skal rivast. Det er mange som ønskjer det, og det er velkome at huset forsvinn, seier Sonnleitner.

Dyrkar tomatar på cella

Fleire film- og produksjonsselskap meldte raskt si interesse for å få tilgang til kjellaren i huset, og skal ha sagt seg villege til å betale godt for det.

Ingen har fått lov, og kjellaren har vore forsegla sidan etterforskinga slutta.

Medan Fritzl sitt hus no står i fare for å bli fjerna, sit han sjølv på ei fengsselcelle på 11,5 kvadratmeter.

I eit intervju med den tyske avisa Bild, har han tidlegare fortalt at han dyrkar tomatar og har fått til å henge opp nokre bilete, skriv svenske Expressen.

SISTE NYTT

Siste nytt