Avisa siterer anonyme kjelder som hevdar at dei planlagde aksjonane kunne ha likna åtaket på Det jødiske museet sentralt i Brussel i mai, der fire personar mista livet.
Påtalemakta skal ha stadfesta informasjonen til avisa.
To av dei døde i åtaket i mai var israelske turistar. I ein artikkel i New York Times, meinte fleire at skot-episoden var eit antisemittisk åtak.
Halden i Belgia
Franskmannen Medhi Nemmouch, som er mistenkt i saka, hadde kjempa med islamistiske ekstremistar i Syria i eitt år. No blir han halden i Belgia, sikta for «drap i ein terroristisk kontekst.»
Fleire enn 400 belgiske borgarar skal ha reist til Syria for å ta del i kamp, og 90 er komne tilbake, skriv L'Echo.
- Les også:
– Utgangspunktet vårt er at mellom ein og ni av dei har hatt planar om å utføra eit åtak, opplyser ei kjelde til avisa. Kjelda meiner samstundes at dette er konservative tal om ein også reknar med dei som hjelper til.
Fleire er arresterte
L'Echo skriv at kjeldene i det rettslege miljøet korkje vil gje detaljar om dei planlagde åtaka, eller om tiltaka som hindra dei. Kjeldene viser til tryggleiken og meiner at slik informasjon kan gjera folk engstelege.
Fleire skal ha blitt arresterte.
Belgia er, i likskap med mange andre europeiske land, stadig meir uroleg for at eigne statsborgarar drar til Syria for å ta del i kamp, skriv AFP. Opphaldet i Syria kan føra til at dei blir meir radikaliserte og såleis kan dei bli ein fare for tryggleiken i landet dei vender heim til.
- Les også:
I juni avgjorde ein belgisk domstol at 46 mistenkte medlemmar av den radikale islamistgruppa Sharia4Belgium måtte stilla i retten, tiltalt for blant anna deltaking i ein terroristorganisasjon. Grupperinga er mistenkt for å senda unge krigarar til Syria.